NRK Meny
Normal

– Må fikse buksa før den store kvelden

"Årets nykommer"-nominerte Mikhael Paskalev må fram med nål og tråd før han kan seie seg klar til Spellemannprisen 2013.

Mikhael Paskalev

Mikhael Paskalev frå Ålesund er nominert i kategorien 'Årets nykommer' for albumet 'What's Life Without Losers'.

Foto: Tom Øverlie / NRK

Nær ein million sjåarar bunkrar seg framføre TV-skjermen når den årlege Spellemannsprisen vert sendt på NRK1. Spellemannsnominerte Mikhael Paskalev (26) frå Ålesund har sjølvsagt allereie valt antrekk for kvelden, men ikkje utan i-siste-liten-reparasjonar.

– Eg kjem direkte frå storesystera mi sitt bryllaup og der vart det såpass med dansing utover kvelden at eg spjæra buksa mi ... Så eg må nok litt jobbe med den før utdelinga, seier han til NRK fredag.

– Som å vinne i Lotto

Den musikalske danseløva er ein av fem nominerte i kategorien "Årets nykommer." Vinnaren vil også kunne gå med eit stipend til ein verdi av 250 000 kroner.

– Det kjenst heilt spesielt ut. Det er som om nokon skulle seie at eg har ein enormt stor sjanse for å vinne i Lotto, kommenterer Paskalev.

Ålesundaren vann Urørt-konkurransen til P3 i 2012 og slo igjennom same året med låta "I Spy". Musikkvideoen har hatt godt over ein million sjåarar på Youtube.

– Eg trudde den kom til å få rundt 3000 klikk – mest frå familien som såg han nokre gonger, fortel han. – Så eg er glad for at det tok av. Det var sjokkerande, legg han til.

Sjå videoen her:

Sidan gjennombrotet har låtskrivaren og artisten lagt to svært hektiske år bak seg med oppimot 600 konsertar. No ser han fram til å ta livet litt meir med ro.

– No har eg hatt juleferie og fri for første gong på veldig lenge. Framover kjem eg også til å skrive meir musikk. Eg er ikkje så god på det når eg er på reise, så no skal eg halde meg i leilegheita og berre skrive, seier han.

Kven som frå vere nominert til å bli kategori-vinnar kan du finne ut laurdag kveld klokka 20.55 og utover på NRK1.