Hopp til innhold

Må etterbetale husleige

Ei kvinne i Ålesund må betale vel femti tusen kroner i husleige. Det har Sunnmøre tingrett avgjort. Kvinna nekta å betale leige fordi ho meinte det har vore uråd å bu i huset på grunn av støy frå bygginga av parkeringstunnelen i fjellet Aksla. Retten meiner huseigar ikkje kan lastast for plagene. Kvinna må difor etterbetale husleiga. Ho må også dekke vel tolv tusen kroner i sakskostnader.