NRK Meny
Normal

Kriminelle utnyttar dårleg datatryggleik

Næringslivet driv med mykje hemmeleg, som for all del ikkje må ut. Men dei brukar forholdsvis lite pengar og ressursar på tryggleik.

Datatryggleik

Det er mykje å snakke om for dei som er opptatt av datatryggleiken i bedriftene. F.v.: Vegard Kjerstad i Atea, Einar Garshol i Farstad Shipping og Jostein Kvalsvik i Atea.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Bedriftene må bli langt flinkare til å skape tryggleik rundt datamaskinane sine. Det seier sikkerheitsansvarleg Vegard Kjerstad i selskapet Atea til NRK.

Opp mot hundre datafolk er samla til Sikkerhetsdagene i Ålesund. Det handlar om trusselbide og risiko. Åtaka mot norsk næringsliv blir stadig meir avanserte og målretta.

Kan bli eit satsingsområde

Vegard Kjerstad meiner IT-tryggleiken ikkje er det som får størst merksemd no når det er utfordrande tider i næringslivet. Men han trur dette vil vil auke på, og at det blir eit satsingsområde framover.

Datatryggleik

Det er stor interesse for å lære om datatryggleik. Nærare hundre datafolk er samla på Sikkerhetsdagen i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Bedriftene driv med hemmelege ting som ikkje bør ut til alle og einkvar.
Men det er eit problem at andre snokar.

Politiet øker innsatsen mot datakrim og seksuelle overgrep mot barn

På seminaret i Ålesund prøver dei å opplyse bedriftene om trusselbildet, og gi råd om kva dei kan gjere.

Naive bedrifter

Vegard Kjerstad seier rett ut at ein del norske bedrifter er naive:

– Dei ser på det som blir gjort i Amerika, og så tenker dei: Dette er for storstilt for oss.

– Dette er ein viktig augeopnar, seier Einar Garshol. Han deltar på seminaret og er IT-direktør i Farstad Shipping i Ålesund.

Datatryggleik

Ikkje berre moro: – Ein del bedrifter er alt for naive, meiner Vegard Kjerstad i Atea (t.v.). Einar Garshol i Farstad Shipping meiner seminaret er ein viktig augeopnar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi er opptatt av tryggleik, både på sjø og land. Datatryggleiken er viktig i ei uroleg tid, seier han. Farstad-sjefen meiner dei gjer mykje for å halde seg oppdaterte på teknologien. Men at det også er viktig at medareidarane er observante.

– Mykje vi ikkje veit

– Mykje av det norske verksemder har opplevd, veit vi ikkje noko om, seier han.

Vegard Kjerstad i Atea trur mange bedrifter tenkjer at det er trygt og sikkert hos dei. Dei føler at dei ikkje er i målgruppa.

– Og så kostar det vel ein del pengar å sikre seg? Det er vel ikkje gratis?

– IT-tryggleiken kan fort bli nedprioritert i dårlege tider som no. Men eg er overbevist om at dette blir eit satsingsområde framover, seier Kjerstad.

Justisministeren: - For laid back