Hopp til innhold

Meiner næringslivet må lokke betre med natur

Næringslivet må bli flinkare til å bruke naturen som lokkemiddel i kampen om godt kvalifisert arbeidskraft. Det meiner dagleg leiar i Molde Næringsforum, Britt Flo.

Fra Torvik i Rauma

Torvik i Rauma - éin av stadane der naturen ikkje akkurat er noko negativt for ein tilflyttar.

Foto: Ottar Rydjord

Britt Flo

Britt Flo meiner næringslivet må nytte seg betre av naturen som lokkemiddel.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Bedriftene i fylket har stort behov for folk med høg utdanning, og konkurransen om dei beste arbeidstakarane er hard.

Dermed kan moglegheiter for variert friluftsliv, i vakre omgivnader, vere avgjerande for om folk flyttar hit, meiner Britt Flo.

– Vi har ser at utviklinga har gått dit hen at fritida til folk blir meir verdifull, og at folk er meir opptekne av å ha ei aktiv fritid, seier Flo til NRK.

Ho peiker på at svært mange brukar naturen gjennom turar i fjellet, på sjøen og i ulike former for ekstremsport.

– Der har vi fantastiske moglegheiter i Møre og Romsdal, og eit stort fortrinn i rekrutteringa.

Frå Oaldsvatnet i Norddal

Oaldalsvatnet i Norddal er eit flott skue på vakre dagar.

Foto: Bjarte Alnes

– Har underkommunisert det

Godt utdanna folk – som er ettertrakta som arbeidskraft – vel gjerne stadar som også kan tilby variert natur og gode moglegheiter til friluftsliv.

Enkelte bedrifter har lukkast i sitt rekrutteringsarbeid fordi dei veit å fortelje om den fine naturen som omgir oss, seier Flo. Likevel kan mange bli langt flinkare, meiner ho.

– Klart, der har vi potensial. Vi har sett fleire eksempel på det i bedrifter der folk har sagt: «Vi flyttar hit fordi vi har moglegheita med natur og friluft».

Dermed er det å vere bevisste på det, selje det inn og kommunisere svært viktig:

– Vi har kanskje underkommunisert det tidlegare, men fokuset som har vore dei seinare åra vil berre bli forsterka. Naturen er eit kjempemessig salsføremon, avsluttar Flo.

Dei vakre naturbilda i denne artikkelen er innsende sjåarbilde.

Solnedgang sett frå Brunsvika

Solnedgang sett frå Brunsvika i Kristiansund.

Foto: Tom E. Felberg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL