Må betale 104.000 kroner

Ein mann i 60-åra er dømd for promillekøyring etter ein tur på kjøpesenteret på Moa i Ålesund i mars, skriv smp.no. Han må i fengsel i 21 dagar, betale 104.000 i bot og sakskostnader, og er frådømd førarkortet i to år. Mannen blei målt med ein promille på 1,45, men hevdar han var edru då han kom til Moa tre timar tidlegare.