Hopp til innhold

Må betale 1 million til gullsmed for mangelfull sikring

Amfi Drift AS er dømd til å betale ein gullsmed over ein million i erstatning. Gullsmeden hadde innbrot sommaren 2014, og retten meiner kjøpesenteret ikkje hadde godt nok alarmsystem.

Gullsmedran

Gullsmed Egil Kvamsås får no over ein million kroner frå Amfi Drift etter innbrotet sommaren 2014. Men han må bere halvparten av tapet sjølv, fordi han ikkje hadde installert alarm.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

To svenske menn blei i sommar dømde til lange fengselsstraffer etter innbrotet hos gullsmed Egil Kvamsås på Moa i Ålesund. No får også kjøpesenteret straff. Sunnmøre tingrett har konkludert med at Amfi Drift AS må betale gullsmeden over ein million kroner i erstatning.

Det var Sunnmørsposten som først skreiv om saka.

Les også:

Dømt for aktløyse

I dommen konkluderer retten med at Amfi Drift handla aktlaust ved å ikkje etablere tilfredsstillande rutinar for drift av alarmanlegget. Fleire gongar før innbrotet skjedde, blei senteret varsla av andre gullsmedar om innbrot. Så seint som i mai blei gullsmedar i Trøndelag og Møre og Romsdal spesielt bedne om å vere sikre på at dei hadde god sikring.

Men retten er komne til at Amfi Drift i liten grad innretta rutinane sine i samsvar med desse varsla.

Dekte til sensor med plast

Det har tidlegare kome fram at tjuvane kopla ut alarmen og knuste eit vindauge for å kome seg inn i gullsmedforretninga. På den måten kunne dei arbeide uhindra i halvannan time, og fekk dei med seg gull og diamantar for nesten to millionar kroner.

I dagane før innbrotet dekte dei til ein sensor med plast, og klarte på den måten å ta seg inn i butikken utan å bli oppdaga.

Det kom også fram i retten at vektarane fekk sabotasjemelding på anlegget, men utan å sjekke opp kva det betydde. Desse rutinane blei endra etter innbrotet.

Kravde over to millionar

Gullsmeden hevda i retten at han tapte varelageret sitt og heile julehandelen etter innbrotet i august 2014. Han meinte rutinane hos Amfi Drift ikkje var gode nok, og ville ha tilbake 2,1 millionar frå selskapet.

Amfi Drift hevda på si side at gullsmeden sjølv hadde ansvaret for tryggleiken i butikken, og viste til at dei fleire gongar hadde bedt han installere eigen alarm inne i lokala sine.

Halverer erstatninga

Gullsmeden kravde i opphavet 2,1 millionar kroner i erstatning. Han får halvparten. Retten er komen til at han sjølv må ta noko av tapet fordi han ikkje sjølv har installert alarm. I dommen kjem det fram at han ikkje sjekka ut kva som er vanleg i bransjen, heller ikkje etter gjentekne oppfordringar.

Han hadde heller ikkje forsikra butikken, i strid med leigekontrakten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL