Hopp til innhold

Må bergast ned frå Jønshornet

Politiet melder at ein 11 år gamal gut står fast på Jønshornet i Ørsta. Fjellet har ei høgde på 1.419 meter over havet. Røde Kors er på veg til staden for å hjelpe guten ned frå fjellet. – Han er i eit følge på tre personar og dei har med godt med mat, drikke og kle, opplyser politiet.