Hopp til innhold

Kan få slutt på trafikkorka

I området rundt Hellebroa skal det settast opp tre lysreguleringar. Målet er å sleppe stilleståande trafikk.

Hellebroa

Her vil det kome lysreguleringar for å få bukt med lange køar.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Vegvesenet foreslår å endre trafikkavviklinga i eitt av dei vanskelegaste trafikkpunkta i Ålesund sentrum. Det skal settast opp lysregulering over E136 Nedre Strandgate ved Norges Bank og der Apotekergata møter Nedre Strandgate. Det er ofte stilleståande trafikk i dette området.

– Kan vere riktig steg

Johnny Stølen

Varabrannmester i Ålesund, Johnny Stølen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Varabrannmester i Ålesund, Johnny Stølen, seier at lyskryss i staden for rundkøyringar i gatekryssa ved Hellebroa i Ålesund kan vere eit riktig steg å gå. Støle understrekar at brannvesenet ikkje er rådspurt i saka, trass vanskane for utrykkingskøyretøy som ikkje kjem fram.

Vi har ikkje sett dei detaljerte planane for korleis dette skal bli gjort. Men vi ser at hovudvegen gjennom Ålesund er eit stort problem. Trafikken står fleire gongar kvar dag, seier Stølen.

Han fortel at av og til har dei behov for å kome gjennom byen raskt.

– I tillegg til at trafikken står still på hovudvegen så skjer ofte det same på sidegatene. Når det gjeld lysregulering må vi sjå nærmare på korleis det skal gjerast, men det kan vere ei god løysing, seier Stølen.

Han vil at trafikken skal bevege seg jamt, og at utrykkingskøyretøy klarar å kome seg forbi eventuell stilleståande trafikk.