Av Tore Ellingseter og Ivar Eidheim.
Avdelingssjef ved psyiaktrisk avdeling i Helse Sunnmøre, Viktor Grønstad, seier at dei har jobba intenst den siste tida for å skaffe kvalifisert arbeidskraft.
Håper å opne om få veker
No har dei fått tak i psykiatrar frå utlandet gjennom to vikarbyrå. Den første skal vere på plass førstkomande måndag, og ein til om seks veker. Grønstad seier dei vil vurdere å opne opp den stengde posten igjen før den andre psykiateren kjem.
Manglar personell
Måndag 3. oktober stengte Ålesund sjukehus ein av fire akuttpsykiatriske postar. Grunnen var at sjukehuset mangla legar. Dermed måtte sjukehuset klare seg utan åtte sengeplassar.
– Har hatt flaks
Pårørandeforeiningar var bekymra for at sjukehuset ikkje klarte å gi eit godt nok akutttilbod etter stenginga. Men dei to siste vekene har vore svært rolege med færre akuttinnleggingar, og Grønstad legg ikkje sjul på at dei at dei har hatt flaks.
– Vi har heile tida, sjølv etter at vi stengde post C med åtte plassar, hatt ledig kapasitet, seier Grønstad.
Avdelingssjefen ser likevel ikkje bort frå at situasjonen kan ha skapt utryggleik blant pasientane.