Hopp til innhold

No er det like før lysa kjem på

Rundkøyringane på Hellebroa er i ferd med å bli meir fargerike enn før. Håpet er at det splitter nye lyskrysset vil føre til mindre kaos i hjartet av Ålesund.

Mykje trafikk på Hellebroa

I 19-tida onsdag kveld var dei ni trafikklysa enno ikkje skrudd på. Det var lange køer utover kvelden medan arbeidet gjekk føre seg.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Arbeidet i lyskrysset begynte i juni

Arbeidet med å fjerne gangoverfelt og setje opp lyskryss begynte i juni. Trafikken vart dirigert manuelt under kveldsarbeidet.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Området ikring Hellebroa over Brosundet har i årevis vore eitt av dei vanskelegaste trafikkpunkta. Onsdag kveld var det berre finpussen som stod at før lysreguleringa kom på plass over E136 Nedre Strandgate Ålesund sentrum.

– Det vi ønsker å oppnå er at vi får meir kontroll på fotgjengarane som kjem med cruisebåtar i store mengder, slik at trafikken ikkje stoppar opp, seier seksjonsleiar Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen.

– Eit plaster på såret

På det verste strøymer tusenvis av turistar over gangoverfeltet som ligg midt på brua i det pittoreske Brosundet. I løpet av sommaren har fotgjengarfeltet blitt viska vekk, gjerde har blitt sett opp og no vert det også då lysregulering slik at fotgjengarane kan kome puljevis i staden for.

– Det er eit lite tiltak, som vil hjelpe spesielt når det er mykje cruisetrafikk. Men eg vil understreke at dette berre eit plaster på såret, seier Tønnesen.

Med det meiner han at det framleis vil vere store avviklingsproblem, spesielt i rushtida elles i året. Bilistane vil neppe bli fornøgde før bypakken kjem på plass, trur han.

– Ein vil ikkje få fleire bilar over Hellebroa med lysreguleringa enn før, men vi har eit ønske om at det vil gjere at færre vel å køyre via sidegatene i håp om å kome seg raskare over.

Artikkelen held fram etter bildet.

Vegvesenet jobbar å for å få på plass lyskryss ved Hellebroa

Folk frå Statens vegvesen har brukt to månader på arbeidet. Onsdag kveld var siste dagen før dei kunne seie seg fornøgde.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Skeptiske naboar

– Her kjem det til å smelle, det seier ein av dei næraste naboane i ei av blokkene like ved Hellebrua. Fleire andre forbipasserande meiner det same, at dette blir kaotisk.

Fleire påpeika til NRK at det berre er sett opp gjerde på eine sida av der fotgjengarfeltet gjekk før, og at dette vil føre dei på nedsida og rett inn i vegen, av gamal vane. Dei forstod ikkje kvifor det ikkje var sett opp gjerde også på nedsida.

– Eg er skeptisk til at dette vil fungere som det skal, seier ålesundaren Ivar Skjold til NRK og peikar dei ni lysskilta som har blitt sett opp.

Han fryktar at såpass mange lys på den vesle vegstrekninga vil forvirre både bilistar og fotgjengarar, men håper at det går seg til.