Hopp til innhold

Lys, hav og humor

Inger K. Giskeødegård har arbeidd målretta i eit år med utstillinga ho opna i Aalesunds Kunstforening laurdag.

Anne Standal og Inger K. Giskeødegård

Anne Standal, intendant ved Aalesunds Kunstforening (t.v.) og Inger K. Giskeødegård

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Kunstnaren vonar folk vil kjenne ho att i desse bileta, endå mange av måleria ikkje har så gilde fargar som avisteikningane hennar gjerne har. Og det er som avisteiknar i Sunnmørsposten ho er best kjend.

"Ålesund i svart-kvitt"

'Ålesund i svart-kvitt' (utsnitt)

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Inger K. Giskeødegård er opphavleg frå Langevåg, og der arbeider ho også til dagleg - ho har atelieret sitt i Devold-fabrikken. Ho har hatt to store utstillingar ved Aalesunds Kunstforening i Ålesund før. No stiller ho ut 63 kunstverk, dei fleste er måleri, men her er også nokre litografiar.

Giskeødegård - utstilling
Foto: Torild Øvrelid / NRK

- Svart-kvitt er gjerne det første kunstnarlege uttrykket vårt, seier ho. - Vi får ein blyant i handa, iallfall fekk eg det, og det første eg laga var i svart-kvitt-grått.

Ho vil gjerne at bileta hennar skal henge der folk ferdast. Gjerne på do - der dei fleste har tid til å studere dei!

Reaksjonar blant publikum:

Dei likar streken hennar, måten ho teiknar og målar på. Mange er spesielt glade i ku-bileta, for kyr er eit motiv ho brukar mykje. Ho blir også oppfatta som folkeleg, med mykje humor.

Inger K. Giskeødegård: "Blåtime for kyra"

'Blåtime for kyra' (utsnitt)

Foto: Torild Øvrelid / NRK
Giskeødegård: "Guten ved havet"

'Guten ved havet' (utsnitt)

Foto: Torild Øvrelid / NRK
Askjell Molvær og Inger K. Giskeødegård

Fleire musikarar frå Langevåg var også med og skapte stemning ved utstillingsopninga. Her trakterer Inger sjølv pianoet i lag med Askjell Molvær.

Foto: Torild Øvrelid / NRK