Lys i den mørkaste tida

Endeleg er det advent, og no lyser det i vindauger over heile fylket. Det er slett ikkje sikkert det blir som du planlegg, men det viktigaste no er likevel å endeleg glede seg over at det er lys i den mørkaste tida.

advent, julegrantenning

Første søndag i advent kom med all slags ver i Møre og Romsdal, men det stoppa ikkje folk frå å pynte med lys både inne og ute. Ventetida fram mot julaftan har byrja.

Julegrantenning

Fleire stadar i fylket har det vore julegrantenning i dag. Det var det også på Valderøya i Giske kommune. Etter adventsarrangement på kulturhuset, stod tenning av julegrana for tur. Ikkje alt gjekk heilt slik det skulle då julegrana skulle tennast. Publikum byrja å synge på to ulike julesongar, men det skapte mykje latter i regnveret.

Heller ikkje på St.Olavsplass i Ålesund gjekk arrangementet heilt knirkefritt. Der var det problem med både lyd og lys under julegrantenninga. Men med hjelp av eit korps som har lyd som ber langt utover byen, så kom julestemninga sigande likevel.

Det er ikkje sikkert at alt blir som ein har tenkt, men kva gjer no det. Vi har endeleg fått lys i den mørkaste tida.