NRK Meny
Normal

Lynnedslag i fly under landing på Vigra

Eit Norwegian-fly som skulle lande på Vigra blei treft av lyn. Det måtte snu til Gardermoen. Passasjerane er framleis i avgangshallen på Oslo lufthamn.

Ålesund lufthavn Vigra
Foto: Remi Sagen / NRK

Ein av passasjerane som var om bord i flyet var stortingsrepresentant Elisdabeth Røbekk Nørve. Ho merka godt lynnedslaget.

– Flyet hadde starta innflyginga til Vigra og var klar for landing. Men plutseleg steig flyet opp att, fortel ho.

Og like før dette hadde ho sett og høyrt alt som skjedde utanfor flyvindauget.

– Eg såg lynet og eg høyrde at det small. Det var ei ubehageleg kjensle. Men eg tenkte ikkje så mykje på det før flyet steig kraftig opp att.

Etter at flyet var kome opp i høgde fekk passasjerane beskjed om at flyet måtte snu og reise enten til Bergen eller Oslo. Valet fall på Gardermoen.

– Eg reknar med at Oslo blei valt fordi det her er flyteknikarar som kan sjekke og eventuelt reparere om lynet har gjort noko skade.

Flyet var nesten fullsett, og det var både vaksne og barn som passasjerar.

Flypassasjerar

Endeleg kunne stortingsrepresentantane Rigmor Andersen Eide og Elisabeth Røbekk Nørve, og dei andre passasjerane, ta plass i eit nytt fly, etter ein langvarig og strabasiøs tur heim til Ålesund.

Fredag kveld stadfester Norwegian at lyn trefte flyet ved innflyging til Vigra.

– Ja, det har vore eit lynnedslag i eit Norwegian-fly under innflyginga til Vigra, seier kommunikasjonsrådgjevar Tonje Næss til NRK.

Ho stadfestar at flyet måtte snu og dra tilbake til Gardermoen.

– Dette er ein udramatisk situasjon, sjølv om det kan opplevast som dramatisk for passasjerane ombord. Men tryggleiken kjem alltid først, og dermed måtte flyet undersøkast grundig, seier ho.

Klokka 22.10 var passasjerane i ferd med å gå ombord i eit nytt fly som skal ta av i retning Vigra.

– Det har slett ikkje verst for meg. Vi kom oss trygt ned og no reiser vi straks trygt i retning Ålesund, seier Elisabeth Røbekk Nørve til NRK i det ho er på veg inn på flyet att.