Hopp til innhold

Lyngen er på veg tilbake

Det meste av lyngen som vart brunsvidd på Vestlandet under tørken i fjor kjem tilbake og grønast i år. Tørken kunne blitt ei katastrofe for lyngen, men no er det håp.

Blåbær

Truleg blir det meir blåbær i år, for blåbærlyngen er på veg attende etter tørken i fjor.

Foto: Tor Beisvåg

Erling Meisingset

Erling Meisingset er utmarksforskar på Bioforsk på Tingvoll.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det ser ut som om det går betre enn dei verste spådommane kunne frykte, seier utmarksforskar Erling Meisingset på Bioforsk på Tingvoll.

LES OGSÅ: Dårlig nytt for deg som er glad i bær

Verre for røsslyngen

Uttørka blåbærlyng

Over store delar av Midt-Norge kunne ein oppleve store brunsvidde område med lyng i fjor.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Møre og Romsdal var verst råka av brunsvidd lyng, og det kunne i verste fall blitt ei katastrofe med langvarig verknad på lyngen.

Medan det i fjor knapt var blåbær å finne, gror det no godt i blåbærlyngen.

Store, fine tyttebær

Tyttebærlyngen er også på veg attende.

Foto: Arne Sjøhagen

– No er blåbærlyngen tilbake, så eg trur det blir ein heilt anna situasjon i år, både for dyra som bur i skogen og for oss som skal hauste blåbær, seier Meisingset.

Røsslyng

Blåbæra og tytebæra grønast no fint, men for røsslyngen ser ut til å ta lengre tid.

Foto: Roar Hansen

Også tyttebærlyngen er på veg tilbake, medan det tek lenger tid med røsslyngen.

– Den ser det dårlegare ut for. Det er ei plante som veks seint, så det tek nok lenger tid før den regenererer seg, seier Meisingset.

LES OGSÅ: Derfor er lyngen blitt brun

Dyr redda av mild vinter

For til dømes hjorte- og rådyr som et mykje lyng har truleg den milde snøfattige vinteren berga dei frå formangel.

– Det var ein fin og mild vinter som var relativt snøfattig, og ein lang fin sommar i fjor. Hausten varte lenge, og dermed så ser det ut som om både rådyrbestand og hjortebestand har klart seg veldig bra i vinter, seier Meisingset.

– Det har nok ikkje vore så gale som det kunne ha blitt. Sjølv har eg drive med merking av hjort i vinter, og eg ser at holdet på dyra har vore veldig bra, seier han.

Uttørka blåbærlyng

Slik såg blåbærlyngen på Nordmøre ut i fjor. Øydelagt av tele, tørke og sol.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL