Hopp til innhold

Lyngbrannen i Haram er under kontroll

Ein mann i 30-åra har vedgått at han brende bål i området der det har vore ein omfattande lyngbrann i ettermiddag.

Lyngbrann i Haram

Klokka 15.30 observerte bilferja Dryna flammar og mykje røyk i utmarka ved Skår i Helland. Bildet er teke av kapteinen om bord.

Foto: Eldar Halkjelsvik

Ifølgje politiet vert mannen formelt avhøyrt på onsdag.

Brannvesenet driv no med ettersløykking etter brannen i utmarka ved Helland i Haram kommune.

Sunnmøre politidistrikt fekk telefon frå bilferja Dryna klokka 15.30 om brann i utmarka ved Skår i Helland. Politiet opplyser at det er ein god del vind i området.

Brannmeister Kjell Iversen sa til NRK klokka 16.22 at brannen var stor.

– Det er iallfall over eit så stort område at brannvesenet slit med å få kontroll – dels på grunn av vind og dei tørre forholda, seier han.

Klokka 16.29 var det meldt at det brennande området var på om lag 300 x 300 meter Ein knapp halvtime seinare melde brannvesenet at dei har kontroll over brannen. Ifølgje Iversen har dei no fått slått ned brannen med piskar, og eit helikopter er på veg for å dynke området.

Naustrekkje trua

Ei naustrekkje og ein gard ligg ganske nært brannen.

– Brannvesenet har ganske god kontroll på garden, men det som kan etter kvart bli trua er naustrekkja som ligg nede ved sjøen, seier Iversen og legg til at han håper at vinden ikkje dreiar.

Ei redningsskøyte frå Fosnavåg har blitt rekvirert for å sikre naustrekkja og det blir jobba med å få eit helikopter med brannbøtte til staden.

Om lag 15–20 brannfolk er no i sving for å sløkkje brannen.

Oppdaga frå ferja

Kaptein Eldar Halkjelsvik og bilferja var på veg til Dryna då han observerte litt røyk ved Skår. Han tenkte ikkje meir over det då, men på returen med ferja var det eit heilt anna syn som møtte han.

– Vi såg flammane stå opp frå lyngen. Då ringde vi brannvesenet med det same. Det er skummelt med lyngbrann, seier han vidare.

Bålforbod

Brannvesenet i dei fleste kommunane i fylket forbyr no folk å tenne opp open eld utandørs på grunn av den store brannfaren. Den siste tida har det vore mange mindre brannar i terrenget.

Saka vert oppdatert.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL