Hopp til innhold

Lyftar 150 kilo med knekt rygg

For åtte år sidan knekte han ryggen i ei arbeidsulykke. No lyftar han 150 kilo. Treninga og pågangsmotet hans får æra.

Per Ola Ravnå løftar

Per Ola Ravnå har trena seg opp igjen etter ei forferdeleg arbeidsulukke.

Foto: Alv-Jørgen Tyssing

Stålplata kan ingen sjå, men arra i ryggen skjuler han ikkje så lett.

For åtte år sidan blei Per Ola Ravnå (31) frå Sula alvorleg skadd i ei arbeidsulykke i Ålesund. Ein mann i 50-åra omkom, Ravnå fekk alvorlege brotskadar i ryggen då liften dei stod i velta. Han blei sengeliggjande og avhengig av sterke smertestillande for å fungere. I dag lyftar han 150 kilo, noko som svært mange menn ville ha store problem med.

Per Ola Ravnå

Per Ola Ravnå var sengeliggjande og avhengig av smertestillande etter ei arbeidsulykke. No lyftar han 150 kilo og har fått eit nytt liv.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

– Det er ein siger for meg sjølv. Eg skal i grunnen ikkje lyfte tungt. No har eg jobba meg opp frå ti til 150 kilo, seier han.

Kor mykje er 150 kilo? Tenk deg at du lyfter ei ti-liters-vassbytte fylt til randa. Tenk deg at du aukar til femten slike bytter. Då er du der. Det vil seie: dei færraste klarer det.

Kutta ned på medisinbruken

31-åringen blei sendt til St. Olavs hospital i Trondheim, og blei sengeliggjande i lang tid. Han måtte også bruke sterke smertestillande, for å fungere.

– På det meste brukte eg fire Pinex Forte kvar dag. No klarer eg meg med ein til to i veka, seier Ravnå. Han meiner kurset i smertehandtering også har vore viktig, men først og fremst dagleg og målretta trening.

Saka held fram under videoen.

Per Ola Ravnå frå Sula knakk ryggsøyla og blei alvorleg skadd i ei arbeidsulykke for åtte år sidan. Han var sengeliggande i lang tid og måtte gå på sterke smertestillande tablettar. No har han fått livet snudd opp ned.

Sjå TV-saka med Per Ola Ravnå her.

– Deppar ikkje lenger

Per Ola Ravnå var aktiv fotballspelar og godt trent då ulykka råka han i 2005. I tida etterpå var det utenkjeleg å arbeide, men steg for steg har han bygd seg opp fysisk og mentalt. Om eitt år er han ferdig ingeniør. Treninga har gjort godt både fysisk og psykisk.

– Det aukar livskvaliteten min, eg går ikkje lenger rundt og deppar.

– Og så har du blitt veldig mykje sterkare?

– Ja, eg går ikkje lenger rundt og kjenner på dei smerte eg har, eg prøvar å gløyme dei, seier han.

Lovise Hoftun Fiskerstrand

Lovise Hustoft Fiskerstrand er imponert over treningskameraten sin.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Imponerte over treningskameraten

Ravnå har trent på ulike måtar dei siste åra, men syns først det blei skikkeleg svung over treninga då han begynte med treningsforma crossfit. I Langevåg i Sula er bortimot 100 kvinner og menn med på denne typen trening.

Treningskamerat Lovise Hustoft Fiskerstrand syns resultatet til 31-åringen er imponerande.

– Eg syns det er veldig imponerande. Han er ein av dei best trente, det er ikkje råd å sjå at han har vore skadd, seier ho.

Hustoft Fiskerstrand får støtte av fysioterapeuten Kjetil Saugestad.

– Det er ikkje kvardagskost at ein mann klarer å løfte 150 kilo. Men det må seiast at han har trent regelmessig over lang tid for å klare det, seier Saugestad.

Fysioterapeut Kjetil Saugestad

Fysioterapeut Kjetil Saugestad seier det ikkje er kvardagskost at ein mann klarer å lyfte 150 kilo.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

– Korleis hadde han klart seg utan trening?

– Det er ikkje så enkelt å svare på korleis han hadde hatt det i dag utan trening, men han hadde i alle fall ikkje vore like sterk og hatt den kapasiteten han har på fysikken, seier Saugestad.

Ber folk om å kome seg ut av sofaen

31-åringen vil vere forsiktig med å formane andre om å trene, men trur det er viktig for ryggpasientar å kome seg ut av sofaen. I dag utgjer folk med rygglidingar den største gruppa av sjukmelde i Noreg.

– Finn noko du likar å gjere, så gløymer du smerta, seier han til andre ryggpasientar.