I brevet som han sa han hadde fått frå sambuaren sin, stod det at ho hadde loge for politiet. Men sambuaren hevdar at ho aldri har skrive noko slikt, og at ho ikkje hadde tilgang til nokon PC då brevet blei sendt.
Politiet trudde på han
Politiet trudde utan vidare på det mannen sa. Dei undersøkte ikkje om mannen hadde tilgang til e-postkontoen til kvinna, noko ho hevdar at han har hatt.
Heller ikkje spurde dei kvinna om ho hadde skrive e-posten eller gjorde noko anna for å finne ut kva som hadde skjedd.
Beklagar
Politiadvokat Ingvild Thorn Nordheim i Nordmøre og Romsdal Politidistrikt seier til VG at ting burde vore gjort annleis, og at kvinna burde vore konfrontert med e-posten før saka blei lagd bort.
Saka teken opp att
Kvinna greidde etter kvart å overtyde politiet om at ho ikkje hadde skrive e-posten. Saka blei teken opp att og mannen tiltalt. Fleirtalet i tingretten trudde henne, også fordi det var lagt fram ei legeerklæring om valdsbruken.
Sambuaren til kvinna blei dømd til 60 dagars fengsel på vilkår for å ha teke kvelartak på henne to gonger i fjor sommar.