Hopp til innhold

Alvorleg sak i Sunnmøre tingrett

I dag startar rettsaka mot ein mann i slutten av 30-åra som er tiltalt for å ha lurt ti jenter ned i 11-årsalderen til å kle av seg framfor web-kamera. Han skal ha gitt seg ut for å vere ein tenåringsgut, og pressa jentene til å ta nærbilde og utføre seksuelle handlingar. Han er også tiltalt for å ha trua ei av jentene på livet dersom ho ikkje gjorde som han sa, og for overgrep mot ei jente på seks år. Det er sett av fire veker til saka.