Lunsj etter Viking Sky

Fleire representantar av dei som deltok i den vellukka redningsaksjonen av Viking Sky på Hustadvika var i dag inviterte til lunsj i representasjonslokala til regjeringa. Det var statsråd Ingvil Smines Tybring-Gjedde, med ansvar for samfunnstryggleiken, som inviterte til lunsjen. Også statsminister Erna Solberg var med på delar av arrangementet som varte i omlag tre timar i ettermiddag.

Lunsj hos statsministeren etter berginga av Viking Sky
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK