Berre i Møre og Romsdal er det planar om å bygge ut over 450 vindmøller, og fylkestinget har kravd at staten må ta styringa.
No har saka hamna i Stortinget, men lite tyder på at det er fleirtal for ein slik plan.
Fylkespolitikar Håvard Kongshaug frå Ap er skuffa, og seier til NRK at han fryktar at ei utbygging vil øydelegge naturen.
Asmund Kristoffersen, som sit i energikomiteen på Stortinget, vil ha klarare retningsliner, men ønskjer ikkje noko samla plan.
AP-representanten er kritisk til mange av planane utanfor Møre-kysten, og han trur at det tar lang tid før vindmølleparkar til havs blir realiserte.
Regjeringa er førebels ikkje klar for slike prosjekt, seier Asmund Kristoffersen til Sunnmørsposten.
Framstegspartiet har lagt fram eit forslag om ein samla plan for vindmølleutbygginga langs kysten. Men partiet får altså ikkje noko støtte for dette frå andre parti i Stortinget. Det lengste dei kan strekke seg er at det blir utarbeidd fylkesvise planar.
Frps Ketil Solvik-Olsen synest ikkje fylkesvise planar er godt nok