Hopp til innhold

Lunken til legevaktsordning

Sunndalsordførar Ståle Refstie er lunken til utspelet frå Molde om eit legevaktsamarbeid. Molde har invitert åtte kommunar med 63.000 innbyggarar om ei felles legevaktteneste. Nye forskrifter gjer at legar som skal gå i legevaktturnus må ha spesiell godkjenning. Det blir difor utfordrande for Sunndal å kunne halde fram med eiga legevakt. Likevel vil Refstie prøve å arbeide for at dagens ordning kan vidareførast.

Ståle Refsti
Foto: Gunnar Sandvik / NRK