Hopp til innhold

Lundanes skuffa i orienterings-EM

Olav Lundanes konkurrerte for medalje, men enda på ein skuffande 11.-plass på mellomdistansen i orienterings-EM i Portugal. Den kollektive norske innsatsen var ein nedtur for landslagssjefen.

Olav Lundanes

Olav Lundanes blei beste nordmann på ein skuffande 11.-plass i orienterings-EM i Portugal.

Foto: SÖREN ANDERSSON / NTB scanpix

– Det er sjølvsagt litt skuffande. Nokre av våre løparar gjer småfeil, men i det store og heile blir vi fråløpt i dag. Eg hadde håpt vi skulle vere nærare enn dette, sa landslagssjef Kenneth Buck etter løpet, ifølgje Orientering.no.

Olav Lundanes frå Ålesund var eitt minutt og 58 sekund bak den sveitsiske vinnaren Daniel Hubmann. Ein annan sveitsar, Fabian Hertner, tok sølvet 18 sekund bak. Franske Thierry Gueorgiou tok bronsemedaljen.

På den 7,9 kilometer lange mellomdistansen i orienterings-EM i Portugal var Lundanes sjanselaus på medaljane.

Lundanes, som til vanleg konkurrerer for Halden SK, enda til slutt på 11.-plass.

Lundanes er for alvor tilbake i orienteringssirkuset etter at han sommaren 2013 tok ein lengre pause frå sporten. Han re-debuterte i fjor haust.

Mari Fasting

Mari Fasting blei best av dei norske kvinnene.

Foto: Roni Rekomaa / Lehtikuva / NTB scanpix

Fasting best av kvinnene

Magne Dæhli blei nest beste nordmann på 21.-plass, medan Thomas Natvig blei nummer 31. Øystein Kvaal Østerbø blei nummer 39, Gaute Hallan Steiwer 42, Torgeir Nørbech 46 og Jon Aurust nummer 61.

Av kvinnene blei Mari Fasting beste norske på 17.-plass.

– Eg bommar eitt minut på første post. Det er for dårleg. Då blir det tungt, både mentalt og fysisk, sa Fasting etter løpet.

Danskane dominerte i kvinneklassen, der Signe Søes tok gullet framfor Maja Alm. Svenske Tove Alexandersson tok bronsemedaljen.

Fasting var heile tre minutt og 18 sekund bak i det 6,4 kilometer lange løpet. Kamilla Olaussen blei nummer 30, Ingjerd Myhre 32, Ida Marie Næss 38 og Tone Wigemyr nummer 39.

– Eg er optimistisk

Landslagssjef Buck håper no at både mennene og kvinnene vil slå tilbake på langdistansen tysdag.

– Vi får berre legge dagens prestasjonar bak oss, for å komme tilbake med betre prestasjonar i morgon. Ein langdistanse passar oss i utgangspunktet betre, meinte Buck.

– Eg er optimistisk sjølv om det, som sagt, var litt skuffande i dag, sa han vidare.

Orienteringsløparane har fullført sprint (søndag) og mellomdistanse i dag måndag. No står det altså igjen langdistanse tysdag, før det EM i Portugal blir avslutta med stafett onsdag 16. april.

Orienteringsløperen har lagt en turbulent periode bak seg og ser nå optimistisk på framtida. Reporter: Ida Nysæter Rasch. Foto: Ketil Kern. Redigering: Syver Gustavo Svensrud.