Hopp til innhold

Norske barn spyr jula inn

Omgangssjuka herjar blant norske barn. Like sikkert som adventsstjerna og stakar, kjem spysjuka inn under jul.

Barn Tryggheim barnehage

Barna i Tryggheim barnehagen kjenner godt til spysjuka som går. Halvparten av barnehagebarna har hatt spysjuka til no i førjulstida.

Foto: Malin Korsnes / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Omgangssjuka er kanskje det verste å få i hus no til jul. Vi besøkjer Tryggheim barnehage. Men sjølv med dette namnet har dei ikkje gått fri for spysjuka. Halvarten av ungane og dei vaksne har hatt spysjuka i førjulstida.

– Eg låg og spydde i senga mi, ropar ein av ungane. Eg også, og eg hadde spist pizza og nudlar, seier ein annan.

– Det romlar i magen

Stine Håvik

Assistent Stine Håvik fryktar at ho sjølv skal få sjuka til jul.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Barna i Tryggheim barnehage i Haram i Møre og Romsdal veit godt korleis det er å ha spysjuka. Halvparten har jo alt hatt sjuka, og faren er stor for at dei andre kan kome til å få sjuka ganske snart. For spysjuka er svært smittsam.

– Eg kunne kjenne at det romla i magen min, seier ein av ungane på Tryggheim.

Viktig med god hygiene

Barn og vaksne er klar for måltid når vi besøkjer Tryggheim barnehage. Barna sit rundt det store bordet, og dei har fått maten fram. Dei syng bordvers som har fått jule-tone på seg. Men kva skjer så når bordverset er over? Ja, svært mange barnehender hamnar på mange brødskiver. Og slik skal det ikkje vere i desse spysjuketidene.

– Nei, no skjer det som ikkje skulle skje. Det var fire, fem hender som - svussj - gjorde slik som dette, seier Randi Skjelten ved Tryggheim barnehage. Dersom de knip med fingrane på masse skiver, då blir det fole dumt, seier ho til barna ved bordet.

– Ikkje berre koseleg før jul

I barnehagen heng det koselig julepynt. Men dagleg leiar Sigrid Høydalsvik Nevstad vedgår at det ikkje berre er koseleg før jul.

Sigrid Høydalsvik Nevstad

Dagleg leiar Sigrid Høydalsvik Nevstad har sendt heim både barn og vaksne frå barnehagen, på grunn av spysjuka.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det er ikkje så kjekt når det kjem spysjuke. Men vi prøver å gjere det beste ut av det. Vi brukar sprit på hendene og vaskar oss så ofte vi kan, seier Høydalsvik.

Sende barn og vaksne heim

Det har blitt ein del tørking av oppkast dei siste 14 dagane og mange har blitt sendt heim.

– I dag har eg sendt heim ein vaksen som ikkje burde kome, fordi ho nettopp har hatt spysjuka. Vi prøver å bruke 48-timars-regelen både på vaksne og på barn. Slik skal vi hindre at det spreier seg, seier Høydalsvik.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Redd for å bli sjuk til jul

Assistent Stine Håvik er ei av dei som har sluppe unna sjuka og no er ho uroa.

No er eg ganske redd. Det fristar ikkje veldig. No prøver eg å vaske fingrane og å sprite dei. Og eg prøver å unngå å kome i kontakt med spytt og slev.

Kor lett er det å unngå?

Det er veldig vanskeleg å unngå dette i ein barnehage. Men eg må no berre prøve. Den store skrekken er at alle i familien spyr i jula. Då blir jula øydelagt, eigentleg, seier barnehageassistent Stine Håvik.

– Dårleg inneklima har skulda

Kommunelege i Ålesund, Karsten Vingen, meiner at dårleg inneklima må ta mykje av skulda for at så mange barn blir råka av spysjuka.

Karsten Vingen

Kommunelege i Ålesund, Karsten Vingen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Ventilasjonsanlegga er ikkje gode nok. Dårleg utskifting av luft er ein forverrande faktor, seier Vingen.

Omgangssjuka startar på hausten når vi er meir inne og får mindre frisk luft. Vingen er tilhengar av god gamaldags utlufting.

– Det er viktig å passe på og lufte godt i friminutta på skulane. I barnehagane kan det vere ein idé å flytte barna over i eit anna rom, slik at ein får lufta skikkeleg. Elles bør dei vere mest mogleg ute, seier kommunelege Karsten Vingen.