Artikkelen er anonymisert etter publisering.
13-åringen frå Stockholm gjekk tur i Moldemarka saman med familien då han fekk auge på ein stein han synest såg interessant ut.
Han tok den opp og kika på den. Forma på steinen var unaturleg og pappa Martin meinte den likna på ein pilspiss.
– Vi såg meir på den då vi kom heim frå turen og tenkte at dette måtte vere eit skikkeleg funn, fortel Lucas.
Frå steinalderen
Mamma er frå Molde og kjenner ein som jobbar ved museet der.
Dei sende så bilete av steinfunnet til han og då forstod dei at gjenstanden kunne vere fleire tusen år gamal. Dermed blei steinen levert til fylkeskonservatoren.
– Det er kult at nokon andre har brukt denne pila for fleire tusen år sidan, seier 13-åringen.
Bomma på jakt
Arkeolog Agathe Sofie Farstad Smørholm i Møre og Romsdal fylkeskommune trur pilspissen kan vere mellom 3500- og 4000 år.
Å gjere eit slikt funn i Moldemarka er svært uvanleg. Smørholm har ikkje høyrt at det har skjedd før.
– Det er nok ein jeger som har mista den på jakt. Han har jakta på vilt og mest truleg bomma, smiler Smørholm. Det er vanskeleg å finne slike pilspissar i fjellet. Dei ligg ofte djupt i myr eller forsvinn i terrenget. Ho trur også at vaksne som går tur er mest opptekne av å fylgje råsa og dermed ikkje er så merksame som Lucas.
Pilspissen blir no sendt til NTNU vitskapsmuseet.
Nysgjerrig på tur
Lucas og familien har no reist heim til Sverige. Pappa Martin trur ikkje det berre var flaks at nettopp sonen fann pilspissen. Lucas er veldig nysgjerrig og merksam på naturen når han er ute.
Lucas har funne myntar på tur, men pilspissen er hans absolutt største funn.
– Interessa kjem til å auke sidan han gjorde eit funn, seier han.
Pilspissen blei levert inn til Møre og Romsdal fylkeskommune, som har registrert funnet.
Foto: Agathe Sofie Farstad Smørholm