NRK Meny

Løysing for Voldstad Maritime

Voldstad Maritime har funne ei løysing for å refinansiering. Det skriv selskapet i ei børsmelding. Løysinga kom etter ein avtale med banken, og det er venta at ein bindande avtale skal vere på plass i løpet av kort tid. I følgje nettavisa nett.no kom løysinga same dag som fristen for å betale tilbake eit obligasjonslån på 497 millioner kroner gjekk ut.