NRK Meny
Normal

Løysing for skiltkonflikt i Volda

Vegvesenet opplyser at dei no vil rydde opp i skiltforvirringa som har oppstått i Volda denne veka.

E39

FORVIRRING: Denne skiltinga har skapt full forvirring i Volda denne veka. Vegvesenet vil no rydde opp i problemet.

Foto: Privat

– Det var eit forsøk på å korrigere dei skilta som var der, men vi har sett at det forsøket ikkje var spesielt heldig, og det prøvar vi å rydde opp i no, seier Knut Nauste, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Bakgrunnen for problemet oppstod då Vegvesenet valde å fjerna og teipe over fleire skilt i Volda førre veke. Ordførarane i Volda og Nordfjordeid, Arild Iversen og Alfred Bjørlo, reagerte sterkt på at alle skilt som synte E39 via Folkestad og Stigedalen hadde blitt fjerna, og meinte det var misvisande for trafikantane.

Det var i samband med at regjeringa valde at nye E39 skulle gå via Kvivsvegen til Skei at Samferdselsdepartementet bestemte at strekninga frå Volda over Stigedalen skal fungere som alternativ E39 fram til nye E39 er ferdig. Ei omklassifisering av strekninga skulle difor avventast.

Har sett i gong tiltak

Likevel valde Vegvesenet å teipe over fleire skilt i Volda, noko som skapte reaksjonar både i Volda og på Nordfjordeid. Nauste forklarar skiltendringa på denne måten

– Stigedalen sin status som riks- eller fylkesveg vart ikkje klar før opninga av Hjartabergtunnelen, i tillegg kom avklaringa tett inn på ferien. Vi prøvde difor å gjere ein korreksjon på skilta i Volda sentrum som dessverre blei feilslått, seier Nauste.

Knut Nauste

ORDNE OPP: Knut Nauste i Vegvesenet seier at dei no vil ordne opp i skiltinga i Volda.

Foto: Fjord1

Nauste vektlegger at dei alt har sett i gong tiltak for å ordne opp i skiltforvirringa som har prega Volda denne veka.

– Det vi i etterkant har prøvd, og som vi vil gjere, er å få laga mellombels skilt. På den måten håpar vi å få på plass ei rett og god skilting no i ferietida, seier Nauste.

Vidare seier han at Vegvesenet håpar å få på plass ei permanent skilt på strekninga i løpet av hausten.

– Etter ferien vil vi ha eit møte mellom Statens Vegvesen, dei to kommunane Volda og Nordfjordeid, og fylkeskommunen dersom dei er interessert. Der skal vi gå gjennom skiltplanane i fellesskap, og bestemme ei endelege skilting, seier han.

Ei ny permanent skilting mest sannsynleg vere på plass i slutten av september.

Full forståing

Nauste har full forståing for at skiltendringa har skapt forvirring i Volda.

– Det har ikkje vore ein enkel situasjon for verken oss eller for lokalbefolkninga, så eg forstår at det har skapt uro, seier han.

e39

TEIP: Fleire av skilta ved ferjekaia i Volda var teipa over.

Foto: Privat

Vegvesenet arbeider no med å få på plass ei rett mellombels skilting, og Nauste seier dette vil vere på plass i løpet av neste veke.

– Vi har bestilt teip som vi skal lime over skilta. Skilta vil då vere i tråd med krava som kjem frå dei lokale og vil vise ei alternativ E39 rute via Folkestad og Stigedalen, seier han.

Han ber reisande om å vere tolmodige til dei får all skiltinga på plass.

– Det vil ta litt tid før alt er på plass, men eg håper det vil vere ei god og oversiktleg skilting som alle er nøgde med, også dei lokale, seier Nauste.

Har skapt mykje forvirring

Fungerande ordførar i Volda, Dan Bjørneset, seier skiltinga har skapt mykje forvirring i Volda.

– Mange har spurt om Stigedalen er stengt. Spesielt uheldig har det vore for dei som driv næring og turistattraksjonar i den delen av Volda, seier Bjørneset.

– Det er klart at trafikken minkar på strekninga når turistane ikkje finn fram, held han fram.

Han tykkjer det er positivt av Vegvesenet no vil ordne opp i situasjonen i Volda.

– Det er viktig å få på plass ei ny skilting så fort som mogleg på grunn av turistsesongen. Det er mykje trafikk på desse vegane på denne tida av året, så det er bra at vi no kan få orden i det kaoset som har vore her, seier Bjørneset.

– Så ser vi fram til å gå i møte med Vegvesenet for å få på plass ei permanent skilting i løpet av hausten, held han fram.

Nøgd

Alfred Bjørlo

NØGD: Alfred Bjørlo er nøgd med at Vegvesenet vil rette opp i skiltinga.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ordførar i Nordfjordeid Alfred Bjørlo hadde også motteke mange meldingar om den forvirrande skiltinga i Volda. Han håpar at dei to kommunane og Vegvesenet kan få til ein god dialog om den vidare skiltinga på strekninga.

– Det er godt å høyre at dei innrømmer at dette ikkje var heilt bra, og at vi no kan starte på nytt. Det står det respekt av, seier han.

Også han håpar at ein raskt kan få på plass ei ny skilting. For dei har det vore viktig med ei tydeleg skilting som viser ein alternativ E39 via Folkestad og Stigedalen.

– Bilistane må kunne sjå at her er det ei alternativ rute med ferje, men som er kortare enn det andre rutealternativet, seier Bjørlo.