Løyser ferjeproblema med alternativ rute

Det blir innført ei alternativ ferjerute etter ferjestoppen på Stranda-Liabygda søndag.

Bilferja Sykkylvsfjord

Bilferja Sykkylvsfjord er ute av drift på grunn av tekniske problem.

Foto: Fjord 1

Grunnen til at det ikkje har gått ferje er tekniske problem på bilferja Sykkylvsfjord..

Klokka 12.11 melder Fjord 1 at det blir utført ei alternativ rute for å løyse problema. Ferja går frå Eidsdal til Liabygda til Stranda.

  • Kl. 12.15: Eidsdal-Liabygda
  • Kl. 12.55: Liabygda-Stranda
  • Kl. 13.10: Stranda-Liabygda
  • Kl. 13.25: Liabygda-Eidsdal

Det er ein feil på hovudmotoren til bilferja Sykkylvsfjord som gjer at det no ikkje går ferje som normalt mellom Stranda og Liabygda.

Meldinga om at ferja var ute av drift kom klokka 09.24 søndag. Sidan det har trafikken på sambandet vore innstilt. Men no skal ei alternativ rute redde situasjonen.