NRK Meny

Lovar rask behandling

– Kravet om Aure til Trøndelag blir behandla politisk så snart som råd, lovar ordførar Ingunn Golmen. Men det må og ei forsvarleg saksbehandling til, seier ordføraren. Aksjonsgruppa for Aure til Trøndelag leverte i går ettermiddag 335 underskrifter til kommunestyret. Gruppa krev at kommunen søker seg til Trøndelag uansett kva andre kommunar på Nordmøre gjer.

Aure til Trøndelag
Foto: Roar Strøm / NRK