Med eit fleirtal på 78 stemmer blei det ja i Frei, medan 95,5 prosent i Kristiansund sa ja til samanslåing.
Lovar pengar
Solberg sier resultatet er gledeleg, og at døra er open for litt ekstra gavemidlar til den nye kommunen. Ho ser for seg at dersom det blir samanslåing, så kan departementet løyve pengar til utbygging/opprusting av vegnettet, breiband og andre kommunikasjonsmiddel.
Ikkje påverka
Ei samanslåing av Kristiansund og Frei gir ei mellomstor norsk kommune, med 22 000 innbyggjarar. Motstanden mot samanslåing har vore størst i Frei og resultatet blei også berre eit knapt ja i den kommunen. Sist veke var kommunalministeren i Frei for å påverke prosessen, men likevel trur ho ikkje at det var det som gjorde utslaget.
Fleire kommunar
Solberg trur fleire kommunar kan kome til å følgje etter Kristiansund og Frei. - Vi har merka at stadig fleire kommunar er nyfikne på kva ei eventuell samanslåing vil bety, seier ho.
Ein annan kommune på Nordmøre som har vore foreslått knytt saman med Kristiansund, er Averøy. Men i følgje professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda, kan dette vere eit spørsmål om tunnel. - Ein ser at argumenta om økonomiske innsparingar ikkje betyr noko for folk flest, seier Amdam.
- Men dersom kommunen får samfunnsmessige fordelar som ein tunnel eller ei bru, sluttar folk opp om samanslåinga i større grad, seier han.
For mykje å be om
Men sjølv om kommunalminister Erna Solberg gjerne ser at fleire kommunar slår seg saman, er tunell for mykje å love i denne samanheng. - Vi er klare over at Atlanterhavstunnelen har vore nemnt i samanheng med samanslåing med Averøy. Men dette er ikkje mogeleg å finansiere gjennom Kommunaldepartementet sine løyvingar. - Vi kan berre gi 10 til 15 millionar til tiltak i kommunar som slår seg saman, avsluttar Solberg.