Møbelgrossisten Interstil har no tatt over kontrollen i Hjellegjerde, og konkursfaren er dermed over for denne gang.
Økonomisk vurdering
Men Interstil kan ikkje garantere at dei 70 arbeidsplassane i Sykkylven er sikra på sikt.
– Ingenting vil glede oss meir enn at vi kan oppretthalde produksjonen i Sykkylven. Det vil vi vurdere ut i frå økonomi. Dersom det fungerer, vil ingenting glede oss meir, seier Interstil-eigar Roar Høiland til NRK.
Dramaet rundt Hjellegjerde har pågått sidan ei generalforsamling den 26.juli sa nei til styret sitt forrige forslag til ein retta emisjon mot Rogaland-bedrifta Interstil AS.
Tysdag denne veka kom Interstil med eit nytt tilbod, og etter ein lang kamp for å sikre nok støtte, var det endeleg i boks fredag morgon.
400 tilsette
Hjellegjerde har over 400 tilsette, 70 av dei arbeider i Sykylven.
Konserntillitsvald Hallvard Sandvik vedgår at han framleis er spent på framtida.
– Eg kan også vere med og stille spørsmål ved om dei framleis vil produsere i Sykkylven. Eg veit ingenting. Men vi får håpe det, seier han.
Les også: