Hopp til innhold

Lovar funn som kan endre noregshistoria

Nokre ventar meir enn andre på at snøen i fjella skal smelte. Astor Furseth (74) trippar etter å kome seg opp i fjella for å gjere nye arkeologiske funn. Nettopp snø- og bresmeltinga har ført til at han har gjort oppdagingar som kan endre noregshistoria.

Astor Furseth

Astor Furseth (74) håper på å finne fleire spor etter eldgamle kulturar når snøen har smelta i fjella i sommar.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ryggsekken og fjellskorne står klare, slik at når snøen smeltar er det berre for 74-åringen å springe ut døra og opp i fjella som omkransar huset hans på Fjøra i Norddal.

Forfattaren Astor Furseth er for dei fleste kjent for sine bøker om Tafjordulykka og andre verk om skredproblematikk i eit historisk perspektiv, men han har også skrive historisk skjønnlitteratur.

Det er nettopp historia som lokkar han opp i fjella også. Med nysgjerrig blikk har han gjort funn frå 11 000 år tilbake, som gjer at den eldste historia kan måtte skrivast om.

Eldgamle buplassar

Astor Furseth

Astor Furseth tek kvart år om lag 30 turar opp i fjella for å leite etter spor frå farne tider.

Foto: Frank Furseth

Dei siste åra har forskarar og arkeologar fått augene opp for funna Astor Furseth har gjort i fjella mellom Geiranger og Romsdalen. På opptil 1800 meters høgde har han funne store mengder med spor etter eldgamle jaktkulturar.

I fjellheimen har han funne over 200 buplassar. Oppe på det høgste fjellplatået, på Eggane, har han funne 900 bogestillingar og steinformasjonar. Lenger nede i dalane har han hittil funne 45 dyregraver.

– I samanheng med bresmeltinga har vi dei siste åra gjort det eine funnet etter det andre av spor etter den gamle istida og fangstjegeren.

Fetegga

Illustrasjon over kvar dei 60 bogestillingane er funne på Fetegga.

Foto: Runar Hole / Illustrasjon

– Eg kjem til å gjere utruleg mange funn

Sjølv om det er juni, ligg snøen tungt i fjella på indre Sunnmøre. Den spreke 74-åringen kan nesten ikkje vente med å kome seg opp i fjella for å gjere nye funn. For nye oppdagingar er han ganske sikker på å gjere.

Pilspiss funnen i Langfjelldalen

Pilspissen er frå utgravingane i Langfjelldalen i 2012.

Foto: Astor Furseth
Astor Furseth saman med arkeologar frå Bergen

Astor Furseth saman med arkeologar frå Bergen på Fetegga.

Foto: Frank Furseth
Bogestilling

Astor Furseth sine granskingar i 2014 vart eit gjennombrot for slike bogestillingar som denne, som vart funnen på Fetegga.

Foto: Frank Furseth

– Eg ventar spent på å få kome meg av garde, for det er veldig mykje som ligg i fjella. Dersom breane smeltar på same måte som i fjor, kjem eg til å gjere utruleg mange funn, lovar han.

Det han har funne var ikkje å sjå for 50 år sidan, men snø- og bresmelting har avslørt spor etter eldgamle kulturar som har funnest i fjella på Nordvestlandet.

– Det er ein gamal kultur her som vi ikkje veit noko om, eigentleg. Eg trur den eldste historia må skrivast litt om. Funna kjem til å vise at her kom folk tidlegare enn vi har trudd før.

Storinntrykk av arkeologar

I sommar kjem fleire arkeologar for å granske funna Astor Furseth har gjort. Dei vil undersøkje plassane der breane eller fonnene har smelta. Bresmeltinga må følgjast meter for meter og dei eventuelle funna er så sarte at dei må takast opp i år.

Målet er å finne gjenstandar som pilspissar for å prøve å datere funna meir nøyaktig.

– Dette fangstfolket som levde for 11 000 år sidan er gåtefullt. Det er sannsynlegvis eit nomadisk folk som jakta på rein. Det er vanskeleg for oss å forstå kvifor dei la desse fangstanlegga akkurat her oppe i fjella, men dei har sikkert visst akkurat kva dei gjorde.