NRK Meny
Normal

Lovar betring i sjukehusøkonomien

Sjukehusa i Møre og Romsdal har brukt for mykje pengar i sommar, utan at nokon heilt kan forklare kvifor. No lovar styreleiaren likevel at økonomien skal kome under kontroll i tide til å få bygd det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Helse Møre og Romsdal
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Stein Kinserdal

Styreleiar Stein Kinserdal seier sjukehusøkonomien blir gradvis betre.

Foto: Trond Vestre / NRK

Så langt i år er underskotet på omlag 65 millionar kroner, men styreleiar Stein Kinserdal i Helse Møre og Romsdal seier økonomien sakte men sikkert blir betre. Føretaket har kunne vist til eit litt betre resultat for kvar månad i vår. Men i sommar peikte pilene igjen feil veg, utan at han heilt kan forklare kvifor.

–Vi er klar over at det var dårlegare utvikling i juni, men betre igjen i juli. Men vi ser at ei rekke av dei tiltaka vi har sett i verk først vil ha verknad frå i haust, seier Kinserdal til NRK.

Vil gå igjennom planane på nytt

Sjølv om mange ting peikar i rett retning, seier Kinserdal dei må legge fleire planar for å få økonomien under kontroll over lengre tid.

Faren no er at det blir ei hektisk jakt på enkelttiltak som skal redde økonomien, medan vi ikkje får jobba med dei underliggande forholda som skaper varige endringar, serer Kinserdal.

Skal ha økonomi til nytt sjukehus

For å kunne bygge nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal må føretaket ha orden på økonomien. Det trur Kinserdal dei skal greie.

–Kan eg sitere deg på at det skal gå bra?

–Det kan du godt gjere, seier Kinserdal til NRK.