Hopp til innhold

Lova krev at to kvinner frå Ørskog skal stille – men ingen vil

Når Ørskog skal bli ein del av storkommunen Nye Ålesund, må dei stille med 40 prosent kvinner i fellesnemda. Alle dei fire kvinnene i kommunestyret seier nei.

Påtroppende ordfører Knut Helge Harstad diskuterer med resten av den politiske ledelsen i Ørskog.

Ørskog kommune slik med å oppfylle kravet om minst 40 prosent kvinner i nemnda som jobbar med den nye storkommunen (Arkivbilete)

Foto: Trond Vestre / NRK

Arbeidet med å slå saman Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy er i full gang. Alle dei fem kommunane har vald sine representantar som skal arbeide med samanslåinga. Til saman utgjer desse ei fellesnemnd. Problemet er at Ørskog berre har menn i si gruppe, medan lova seier at det skal vere minst 40 prosent kvinner.

– Eg har sagt nei til å sitte i gruppa på grunn av den samla belastninga. Vi er berre fire kvinner som skal sitte i alle utval og nemnder i Ørskog for å oppfylle kjønnsbalansen, seier Helene Børretzen Fjørtoft (Felleslista V/KrF).

Det same argumentet brukar Torill Leganger (Ap). Ho føler at ho ikkje har plass til fleire verv dersom ho skal gjere ein god jobb.

Vil ikkje bli bykommune

Wenche Gausnes Aasen

Wenche Gausnes Aasen (Frp) seier tvert nei til å sitte i fellesnemnda.

Foto: privat

Wenche Gausnes Aasen (Frp) har sagt tvert nei til å ta på seg vervet.

– Eg synest det er vanskeleg når eg ikkje vil til Ålesund i det heile tatt. Under folkerøystinga vart det stort fleirtal for at Ørskog skulle vere ein landkommune, men folket si meining vart ikkje høyrt, seier Aasen. Ho synest også det er stor belastning med mange andre verv og ein jobb ho skal skjøtte. Heller ikkje Therese Sæter (Frp) vil stille.

Knut Harstad

Ordførar i Ørskog, Knut Harstad (H), meiner at kvinnene må bli respekterte når dei seier at belastninga er for stor.

Foto: Trond Vestre / NRK

Arbeidskrevjande verv

Ordførar i Ørskog, Knut Harstad (H) seier at kravet om kjønnsmessig representasjon har vore nyttig i lang tid, men meiner det bør respekterast at kvinnene seier at belastninga blir for stor og at ein bør kunne nytte unntaksregelen.

– Det er arbeidskrevjande å bli ein del av Nye Ålesund. Det er mange møter og mykje saksførebuingar, så det er ingen liten jobb. Det er ein alvorleg jobb som krev at ein har tid til å sette seg inn i sakene, seier Harstad.

Skal tolkast strengt

Kravet om at begge kjønn skal vere representert i fellesnemnda, skal gjelde så langt det er mogleg og det skal tolkast strengt, ifylgje Fylkesmannen. Det betyr at dersom det finst valbare kvinnerepresentantar i kommunestyret, er det mogleg. Assisterande fylkesmann, Rigmor Brøste, trur at Ørskog får det til.

Rigmor Brøste

Assisterande Fylkesmann, Rigmor Brøste, trur Ørskog finn ei løysing.

Foto: Fylkesmannen

– Det er veldig viktig at begge kjønn er representert når det skal byggast ny kommune. Eg har tru på at det finst ei løysing, seier Brøste.

Dersom Ørskog ikkje oppfyller kravet, er det eit ulovleg samansett organ og Fylkesmannen kan oppheve valet.

Ordførar Knut Harstad seier at han må ta ei ny runde med kvinnene og at kommunestyret må vurdere saka på nytt. Ørskog kommune har frist til 24. august med å oppfylle kravet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL