Hopp til innhold

Har starta lossinga av Nordlys

Søndag kveld starta lossinga av gods frå Nordlys. Matvarer og eigedelar vert først prioritert.

Lossing av hurtigruta

Søndag kveld starta lossinga av hurtigruteskipet Nordlys

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Arbeidet med å losse gods frå Hurtigruta Nordlys starta så smått søndag kveld. Då var det i hovudsak mat som skulle leverast til ulike butikkar rundt kysten, som vart tatt ut. Dette sto i lasterommet og er øydelagt.

Les også:

I søpla

–Matvarene går rett i ein søppelcontainer, seier Dag-Arne Wenzel, som er driftsdirektør i Hurtigruten. Det er selskapet Norlines som brukar lasteplassen til hurtigruten og har ansvaret for frakt av varer langs kysten.

Skulle snu skipet

Planen var å snu skipet og ta ut last og bilar gjennom hovudporten. Men porten går ikkje opp på grunn av det elektriske anlegget. Løysinga er difor å opne ein mindre port på styrbord side.

Får ikkje ut store bilar

–Utfordringa er at vi ikkje får ut dei største bilane, seier Wenzel. To bilar om bord er så store at dei ikkje kjem ut gjennom denne porten.

Han trur det vil ta heile morgondagen å få ut all last frå skipet.

Eigedelar skal merkast

Dei vil også ta sikte på å starte arbeidet med å gå gjennom lugarane og ta ut og merke eigedelane til passasjerane i løpet av måndag.

Dette skjer i samarbeid med politiet.

Ventar på klarsignal

Skipet vert liggjande til kai i Ålesund til Det Norske Veritas og Sjøfartsdirektoratet har godkjent at skipet er tett og at det kan fraktast til eit verft for reparasjon.

Fordi kameraet som skulle inspisere skroget på utsida, vart øydelagt, har ein framleis ikkje fått gjort alle nødvendige undersøkingar.