Hopp til innhold

Losen på «Viking Sky»: – Eg sakna veldig ein knapp det sto overstyr på

Det automatiske systemet på båten bestemte alt då «Viking Sky» mista motorkrafta i full storm på Hustadvika i mars. Losen som var om bord, etterlyser ein knapp som kan overstyre automatikken.

Viking Sky

HAVARI: Alle fire motorane på Viking Sky kopla ut i full storm på Hustadvika i mars.

Foto: Odd Roar Lange

Like før alarmen gjekk 23. mars, hadde statslos Inge Lockert blitt avløyst frå vakt. Han gjekk ned for å ete lunsj saman med passasjerane. Dei var veldig fascinert av opp til femten meter høge bølger på eit av dei mest rufsete havstykka i Noreg.

– Kaffikoppane sto i ro på bordet, og det var ingen problem i det heile tatt. Så lenge vi hadde framdrift, så hadde vi stabilisator. Alt var som normalt, og det var jo ei oppleving for dei som kom frå til dømes New York å få sjå det vêret, fortel Inge Lockert.

Statslos Inge Lockert

Statslos Inge Lockert ved Kystverkets losteneste fortalde om dramatikken om bord i «Viking Sky» under Redningskonferansen på Gardermoen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Kollegaen ringer

Lockert gjekk deretter ned for å ta seg ein kvil før han skulle gå av skipet i Ålesund. Men då ringer los-kollegaen frå brua. Inge Lockert veit med ein gong at det ikkje er godt nytt.

– Etter å ha jobba med han i 20 år, så forstod eg at han ikkje ringde for å fortelje noko morosamt.

– Du må kome opp, vi har fått stans i alt maskineri, var beskjeden.

Losen på Viking SKy

Lockert kom seg opp på brua igjen, og idet han gjekk inn til dei andre, sende dei ut mayday.

– Dei hadde også sendt folk fram på skipet for å la ankera gå. Eg prøvde å orienterte meg, men det var ingenting konkret om når desse maskinene kunne starte igjen. Det var heilt dødt.

– Ein dårleg idé

Kort tid etter havariet slo Sjøfartsdirektoratet fast at alle fire motorane slo seg av grunna lågt oljetrykk:

«Nivået av smørjeolje på tankene var innenfor fastsatte grenser, men relativt lavt, da fartøyet gikk ut på Hustadvika. Tankene var utstyrt med nivåalarm, men disse hadde ikke blitt utløst da fartøyet gikk ut på Hustadvika. Den tunge sjøen på Hustadvika medførte trolig så store bevegelser i tankene at smøreoljepumpene mistet tilførsel»

Slik såg det ut frå brua på «Viking Sky». Statslos Inge Lockert filmar slepebåten «Vivax» som har kome til for å bistå havaristen.

Statslos Inge Lockert har vore sjømann heile sitt yrkesaktive liv. Han er kritisk til at automatikken skal overstyre alt.

– Den dagen sakna eg veldig ein knapp som sto «override» på. Det blir som dei flya som brått bestemmer seg for at dei ikkje vil flyge lenger. Så sit pilotane stakkar og klorar på stikkene og alt som er, men dei får ikkje gjort noko. Det synest eg er ein jævla dårleg idé, slår han fast.

Mannskapet klarte etter kvart å få i gang eine motoren, og det var ifølge Lockert skilnaden mellom suksess og totalhavari. Han meiner dei har fått for lite ros etter hendinga.

– Kapteinen og mannskapet er årsaka til at dette gjekk så bra som det gjekk. Dei hadde mellom anna ei øving i Alta berre nokre dagar før, så dei heldt roa og det var aldri tilløp til panikk, seier han.

Også Sjøfartsdirektoratet rosa mannskapet for at det gjekk så bra som det gjorde.

Viking Sky og Polarlys i Tromsø

Inge Lockert viser fram dette bildet for å forklare det mange har stilt spørsmål ved: Kvifor gjekk «Viking Sky» over Hustadvika når Hurtigruta la seg til i Kristiansund? – Her ligg dei ved sida av kvarandre i Tromsø – det er lett å sjå at den største båten toler meir sjø enn den minste.

Foto: Privat

Vil komme med sikkerheitsråd

Havarikommisjonen arbeider no hardt med mål om å kome ut med ein førebels rapport om «Viking Sky»-havariet før årsskiftet.

Målet med rapportane til kommisjonen er ikkje å fordele skuld, men å gi gode sikkerheitsråd slik at liknande ulykker ikkje skjer igjen. Det kan vere råd om regelendringar, endringar av prosdedyrer – eller endringar av tekniske detaljar som statslos Inge Lockert etterlyser.

Avdelingsdirektør Dag S. Liseth i Statens havarikommisjon for transport

Avdelingsdirektør Dag S. Liseth i Havarikommisjonen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Den endelege rapporten vil det ta lenger tid å bli ferdig med, mellom anna fordi det er komplisert med så mange nasjonar involverte, seier avdelingsdirektør for sjøfart, Dag Liseth i Havarikommisjonen.

Grunnen til at kommisjonen arbeider med å publisere ein førebels rapport kan vere både for å få fram faktiske forhold og unngå spekulasjonar, men også for nå ut med viktige sikkerheitsråd før den endelege rapporten er klar.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap kjem med sin evalueringsrapport om «Viking Sky»-havariet, 1. desember.

I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.

I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.