Målet med loppemarknaden er å hente to tidlegare medlemer i klubben tilbake til Noreg. Dei to brørne vart saman med familien sende til Kviterussland då dei ikkje fekk opphald i Noreg.
No har Kristiansund Atletklubb (KAK) gått i gong med pengeinnsamling for å hente dei tilbake.
– Det var rørande å sjå mange hundre personar stå i kø for å kome inn då me opna dørene til marknaden, seier Løvik til NRK.
- LES OGSÅ:
Ikkje i mål
Då dørene opna laurdag, var det fleire tusen lopper til sals i lokala i Kristiansund. Sju bilar, ski, lampar og store mengde glas- og steintøy var til sals, og folk stilte opp for å få kjøpe.
Tusenvis av lopper var til sals i Kristiansund i helga.
Foto: Stig Mortensen– Folk kosa seg, og me kosa oss, seier Løvik, som er økonomiansvarleg i klubben.
Likevel er dei ikkje heilt i mål med alt dei må ha inn.
– Me hadde ikkje eit konkret mål om kor mykje me ville få inn, men me ser at me må ha om lag 260.000 per person for å hente dei to hit, fortel Løvik.
Klubben planlegg å tilsetje dei to brørne, som instruktørar og utøvarar. For å få det til, må dei hente inn meir enn det dei greidde i helga.
– Dette dekkjer ein del av det. Truleg kan me få Magomed hit no, seier Løvik.
Vil få med næringslivet
– Me står på for å samle inn pengane, og vil no prøve å få med næringslivet, i tillegg til loppemarknad.
Med sin debut som auksjonarius i ryggen, ser Løvik no fram til å arrangere ny loppemarknad over nyttår.
– Me hadde ingen erfaring med dette, men det me har fått no, tek me med oss vidare, og arrangerer ny marknad til våren, fortel han.