Spelarane og dei andre tilsette i klubben er bedne om å gå ned i løn fordi Molde brukar for mykje pengar.
Seks dagar før serieopninga i Skien mot Odd Grenland seier Bengtsson at det er uheldig at denne situasjonen har oppstått.
Må halde fokus
Det blir no opp til Gunder Bengtsson og trenar Kalle Bjørklund å få spelarane til å halde fokus på kampen mot Odd.
Ned ti prosent i løn
Molde brukar for mykje pengar, og har gjort det ei stund. Difor har dei bedt alle dei tilsette om å gå ned i løn. Det har vore antyda 10 prosent.
Bengtsson forstår at folk flest meiner at spelarane tener godt nok, men karrieren er kort.