NRK Meny
Normal

Kompislag med sunnmørspreg møtte Vålerenga

Laget starta som ein kompisgjeng. Sidan 1999 har laget avansert i det norske fotballsystemet. I dag spelar dei cupkamp mot sjølvaste Vålerenga.

Lokomotiv Oslo

Kompisgjengen møtes. Og alle disse har vore lagkameratar. Torgeir Skeide og Emil Viddal, Lokomtiv Oslo. I midten Sivert Heltne Nilsen, Vålerenga.

Foto: Lokomotiv Oslo

Laster innhold, vennligst vent..
Med tre mål første omgang.

Sjå berre på namna på spelarane. Her finn du namn som Hasund, Reite, Mork, Garnes, Skeide, Brandal, Moltubakk, Egset Nupen, Viddal og Kvalsvik. Det er slett ikkje alle laga frå Møre og Romsdal, som spelar i dei øvste divisjonane, som har like mange spelarar med namn frå heimfylket.

Og årsaka til alle desse sunnmørsnamna ligg i historia til Lokomotiv Oslo.

Arthur Bakke Garnes

Arthur Bakke Garnes er trenar for Lokomotiv Oslo.

Foto: Privat

Totalt sett er vi om lag 25 sunnmøringar på dei tre laga vi har. Vi har eit tredjedivisjonslag, eit som spelar i sjettedivisjon og eit old-boys-lag, seier trenar Arthur Bakke Garnes til NRK.

Det heile starta ein haustdag i 1998. Ein kompisgjeng møttest på ein pub, og vart samde om å starte eit fotballag. Laget blei med i seriesystemet frå sesongstart i 1999.

Det var ein avslappa gjeng. Dei hadde tobakkslomme på draktene. Dei første åra gjekk ikkje alt føre seg berre i rolege former. Men etter kvart har laget avansert i divisjonssystemet. Framleis er det likevel kameratpreg i klubben. Det er viktig, seier Garnes.

Arthur Bakke Garnes kom inn i klubben i 2004. Då sto laget i fare for å rykke ned i åttandedivisjon. Frå dette tidspunktet har klubben hatt framgang, og har no eit lag i tredjedivisjon.

I kveld er Lokomotiv Oslo klare for cupkamp mot Vålerenga.

Dette har vore ein svært intens dag. Veldig mykje skal på plass. I ein slik klubb er ein ikkje berre trenar. Ein er alt-mogleg-mann. Vi gjer alt på dugnad. Ingen har noko som helst honorar. Der er vi nok unike. Utan unnatak betalar også alle spelarane våre medlemskontingent. Så det er absolutt ein klubb som baserer seg på dugnad og kameratskap, seier Arthur Bakke Garnes.