NRK Meny
Normal

Lokkar med klassiske tonar i Skodje

Onsdag gjekk startskotet for årets Fjord Cadenza i Skodje. Festivalsjef Per Ståle Knardal meiner dei kan tilby noko for ein kvar smak.

Fjord Cadenza

VARIERT: Med setninga – Alt frå Bach til Beyoncé, prøvar festivalsjefen å lokke publikum til årets Fjord Cadenza i Selje.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Vi har alt frå Bach til Beyoncé, seier ein tydeleg oppglødd festivalsjef.

Festivalen varer til 10. august og kan by på vakker musikk og visuelle inntrykk med vakre sunnmørsfjordar som konsertarenaer.

Per Ståle Knardal

GLER SEG: Festivalsjefen ser fram til fire tettpakka dagar med klassisk musikk.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Sjølv om festivalen tek utgangspunkt i klassisk musikk, er festivalsjefen opptatt av å bryte ned sjangerbarrierar.

– Vi er opptatt av å integrere alle typar musikk. Vi har blant anna eit stykke som tek for seg heile musikkhistoria, seier Knardal.

– For det har seg slik at Bach byrja med å komponere treakkordsmusikk i si tid, noko som i stor grad blir brukt i dagens popmusikken, held han fram.

Mange høgdepunkt

Fjord Cadenza

KLASSISK: Fokuset for festivalen er klassisk musikk.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Skal ein tru festivalsjefen sjølv vil det bli mange høgdepunkt i løpet av den fire dag lange festivalen.

– Vi har alt frå store konsertar med fullt symfoniorkester, til litt mindre konsertar med kammergrupper, solistar og ikkje minst solistkonkurransen, seier Knardal.

Det vil altså vere mykje å velje mellom på festivalen sine konsertarenaer, som i år er lagt til Skodje, Dyrkorn, Ellingsøya, Glomset og Ålesund. For festivalsjefen har det vore viktig å nytte seg av omgivnadane.

Fjord Cadenza

DIRIGERER: Dirigent Rune Bergmann og orkesteret finpussar tonane.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Når vi er i eit området som er så innbydande og vakkert som dette så må vi nesten utnytte det, seier han.

Onsdag ettermiddag kunne ein høyre musikantane gjere den siste finpussen før premiera i kveld. Framfor dei stod dirigent og kunstnerisk leiar Rune Bergmann. Han var glad for å kunne vere med på festivalen.

– Eg er takksam for at eg får tilliten til å gjere dette, seier Bergmann.

– Det er ei fantastisk lystoppleving å stå framfor eit heilt orkester, held han fram.

Engasjerte frivillige

Festivalen som starta opp att i 2011 etter nokre års pause, hadde ikkje klart seg utan frivillige. Om lag 50 frivillige bidreg med alt frå køyring, til matlaging og vakthald under festivalen.

Hallgeri Øvrebust Odd Grabde

FRIVILLIGE: Festivalen er avhengig av frivillige, som Hallgeir Øvrebust og Odd Grande.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Hallgeir Øvrebust, styreleiar på Fjord Cadenza, var blant dei mange frivillige som var i sving onsdag. Han tykkjer det er kjekt at festivalen framleis held fram.

– Festivalen har vore ein tradisjon i ei årerekke og det er positivt at vi kan bevare den. Vi er avhengige av frivillige, og det er flott å sjå så mange bidra og hjelpe til, seier Øvrebust.

Odd Grande, ein av dei andre frivillige er samd.

– Eg er meir ei potet, og bidreg der eg kan. Eg brenner for frivillig arbeid og tykkjer det er utruleg kjekt å kunne hjelpe til der eg kan. Og så er det sosialt, seier han.

Dei to frivillige gler seg til festivalen, og ser fram til fire flotte dagar.

– Så no håpar eg berre at folk ser verdien i festivalen, Grande.