Hopp til innhold

Lokkar med gratisbillettar for å få fleire til å ta båten

Det hjelper lite at passasjerbåten har ei eldgamal og unik historie, når folk tek bilen i staden. No prøvar drivarane bak Sundbåten i Kristiansund å lokke folk med gratisbillettar.

Susanne Kirk Lossius

Susanne Kirk Lossius, som er dagleg leiar i Sundbåtvesenet, trur mange vil bruke båten no når det blir gratis på laurdagane.

Foto: Roar Halten

Sundbåten har trufast tatt sine rundar mellom øyane i Kristiansund i år etter år, og er eit kjent og kjært syn i byen. Men ujamt passasjertal har i mange år vore ein trussel for båten. No blir det gratis på laurdagane framover, og håpet er at det skal trekkje nye kundar.

Hannelore Otwiaska

Hannelore Otwiaska skulle gjerne brukt Sundbåten langt oftare, og syns det er supert at båten no blir gratis på laurdagane.

Foto: Roar Halten

Eg skulle gjerne tatt Sundbåten oftare, eg skal gjere det i sommar, då skal eg kjøpe meg klippekort, seier Hannelore Otwiaska, som til dagleg bur i Molde, men som fredag var i Kristiansund.

Vil ha folk til å droppe bilen

Det er nettopp slike kundar drivarane av Sundbåten ønskjer seg. Dei vil at folk skal parkere bilen, droppe å køyre bruene mellom øyane i Kristiansund, og heller hoppe på båten.

– All erfaring viser at når eit kollektivtransporttilbod blir billigare eller gratis, blir det ein passasjerauke. Eg trur også at det blir eit positivt tilskot for aktiviteten i sentrum, slik at folk som er i byen kjem nedom og tek ein rundtur, seier dagleg leiar i Sundbåtvesenet, Susanne Kirk Lossius.

Les også:

Håper framleis på gratis båt

Asle Andre Orseth

Asle Andre Orseth, leiaren i hovudutvalet for miljø og tekniske tenester i Kristiansund kommune, håper at Sundbåten ein dag skal bli heilt gratis.

Foto: Roar Halten

Sundbåten blei starta av private allereie for snart 150 år sidan, men drifta blei etter kvart tatt over at kommunen. Mange har kjempa for at Sundbåten skulle bli gratis, men det ville kosta seks millionar kroner årleg, og det er førebels ikkje realistisk.

– Det var det vi lenge håpte på. Det gjekk ikkje i år på grunn av eit stramt budsjett, men vi håper vi skal få til noko neste år, seier leiaren i hovudutvalet for miljø og tekniske tenester i Kristiansund, Asle Andre Orseth (MDG).

Sundbåten

Sundbåten har gått i fast rute i Kristiansund i nesten 150 år.

Foto: Roar Halten

Han trur at eit heilt gratis tilbod er det som skal til for å få folk til å bruke Sundbåten maksimalt.

Les også: