Hopp til innhold

Slik har dei lokka folk heim i over 30 år

– Dette er ei helg der vi håper folk kjem heim att og nye folk får oppleve øya vår, seier Marita Lausund. Ho har tatt med barnebarna på tur rundt Lepsøya, for i dag var det øymarsj på tre øyar i Haram.

Harmasøya

I dag konkurrerte tre øyar i Haram om å få flest folk ut på tur. Her frå Lepsøya.

Foto: Jørn Inge Tomren

Det krydde av folk på Lepsøya, Haramsøya og Longva søndag, då det var duka for den tradisjonelle øyamarsjen.

Marita Lausund bur på Lepsøya og har gått rundt og opp på fjellet meir enn dei aller fleste.

– Med øyamarsjen håper vi å vise fram øya vår, seier ho. Og så vil vi at folk som er herifrå skal komme heim att og møte kjente. Det er ein kjekk og sosial dag å gå på tur her, seier ho.

Marita Lausund med barnebarn rundt Lepsøya

Marita Lausund med barnebarna Vilde og Thor Erik Lausund

Foto: Jannicke Farstad / NRK

På tur på Longva

Øyamarsjen er også ein konkurranse dei tre øyane i mellom. Det er om å gjere å mobilisere flest folk. Den øya som kan dokumentere flest marsjgåarar, stikk av med sigeren.

– Eg gjekk over Halsane, og rundt øya, før vi enda opp i støane på Longva, seier Susann Aure. Ho er med i trimnemnda på Nordøy idrettslag. I fjor vann dei marsjen. No skal dei registrere alle som kjem, for å sjå om dei kan gjenta dette i år. Longva er nøgd med det nydelege vêret og dei fine naturopplevingane.

Øymarsj på Longva
Foto: Susann Aure

Mobiliserte på Facebook

Haramsøy Idrottslag

Ann Iren Austnes, Ingvill Uri Bergsnes, Reidun Longva Austnes, Jørn Inge Tomren på registrering post for Haramsøy Idrottslag.

På Haramsøya har dei mobilisert i år. Dei har hengt opp plakatar og prøvd å få med folk via Facebook.

– Vi har samarbeidd med Ullafyrets venner, og registrert alle som blei med ut på tur i dag på fyret på Ulla, seier Jørn Inge Tomren.

Han er ansvarleg for turgruppa i Haramsøy idrettslag. Nokre har gått over fjellet, nokre har sykla, medan andre igjen har gått ein mindre tur med barnevogn, seier han. I tillegg til å få folk heim att til øyane, er det viktigaste å få folk bort frå datamaskinene og møte sambygdingar.

Magnus Seth registrerte folk på bryggja på Lepsøya

Magnus Seth heldt teljinga på kor mange som gjekk rundt øya

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Fryktar at nokre har blitt heime

– No har 82 registrert seg her, seier Magnus Seth som sit på bryggja på baksida av Lepsøya. Det er ganske langt frå rekorden med over 300 menneske rundt øya. Men det er enno litt tid att.

– Det regna ganske mykje tidleg i formiddag, så eg fryktar at mange let vere å gå i dag, seier han. Han har vore med på øyamarsj så lenge han kan huske, og synest det er ei veldig kjekk anledning til å komme heim og møte andre kjente på øya.

Elisabeth Seth Rønstad viser pokalen fra 1984

Elisabeth Rønstad Seth viser pokal frå 1984

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Øyamarsj i over 30 år

Ingen klarer å svare nøyaktig kor mange år det har vore øyamarsj på Nordøyane. Men Elisabeth Seth, som sit i styret til Lepsøy idrettslag, kan vise oss ein pokal frå 1984, der det står at Lepsøya vann øyamarsjen. Og ved sidan av det står det vandrepokalar som viser at det stort sett var på Lepsøya folk vann øyamarsjen på heile 80 og 90 talet.

Ho ringer til bror sin Magnus Seth for å høyre kor mange han registrerte til slutt.

– Det vart 142 til slutt, eg synest det er bra eg, seier Elisabeth Seth.

Det kunne ha blitt fleire. I rået på Lepsøya er ein gjeng frå Volda på veg opp i sjøhellaren. Dei er imponerte over havet og alle steinformasjonane. Men registrere seg på øymarsjen gjorde dei aldri.

– Vi visste ikkje at det var øyamarsj, og fekk dessverre ikkje registrert oss, seier Knut Festø. Men vi har hatt ein fantastisk tur, seier han.

Sara Farstad fant mykje spennande rundt øya

Sara Farstad fant mykje spennande på turen rundt øya

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det blei ein uventa siger

På Longva var det 146 som registrerte seg.

– Det er fleire enn på Lepsøya og det var overraskande seier Susann Ravnestad. Ho er ikkje sikker på siger, sjølv om ei vann i fjor. Ryktet om at folket på Haramsøya har mobilisert, går.

På Haramsøya har dei fått samla mange av dei som var med på tur til bilde ute på Ulla fyret. 175 registrerte seg der i dag, seier Jørn Inge Tomren.

– Hæ vann vi? Det har vi aldri gjort før. Det var artig, seier Jørn Inge Tomren.