NRK Meny
Normal

Lokka med mat og brus

Også Møre og Romsdal fylke sørga også for å vise seg fram i Oslo. På Aker brygge fekk folk kome og sjå kva fylket har å by på.

Telt på aker brygge
Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Ost frå Tingvoll og brus frå Molde var nokre av smakebitane folk som hadde teke turen til Møre og Romsdal sitt telt fekk i dag. Omlag 4000 menneske var innom. Mange oransje og blå, men også Oslo-folk og turistar.

Måtte nytte sjansen

Kjersti Hasselø, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylke sitt prosjekt, Move to More, benytta den gyldne moglegheita til å vise fram fylket no som begge dei største laga i Møre og Romsdal er i cupfinalen.

- Når vi er så heldige at vi har to lag frå Møre og Romsdal i cupfinalen skulle det berre mangle om ikkje fylket stiller opp. Vi må verte flinkare til å vise fram fylket vårt. Vi er eit stort matfylke og eit stort gründerfylke, og det føler eg vi har fått vist fram her i dag.

Vil ha pærebrus i Oslo

Fylket hadde nemleg invitert gründerar frå ulike næringar til å vise seg fram. Blant anna hadde Oscar Sylte ein eigen stand.

--Vi er her for å marknadsføre brusa vår. Den er rimeleg kjent i Møre og Romsdal, men ikkje i Oslo, fortel seljar Ove Roksatd.

Folk som kom til standen hans fekk prøvesmake pærebrusa som er godt likt av Aafk-trenar, Kjetil Rekdal.

- Mange Oslo-folk har vore innom for å smake. Kvifor sel ikkje de denne i Oslo? spør dei.

- Nesten som å vere heime

Egil Smith-Meyer

Egil Smith-Meyer frå Tingvollost.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

På ein annan stand stod Egil Smith-Meyer frå Tingvollost. Osten dei produserer vart kåra til årets ost 2009.

- Fylket inviterte oss til å vere med og vi takka sjølvsagt ja. Dette er ei flott moglegheit for oss til å møte potensielle kundar i Olso-området. Vi har også meir jobb igjen med å verte betre kjend på heimeområdet. Her har det vore enormt med både Moldesupportarar og Aalesundssupportarar. Det er nesten som å vere heime!

Og ifølgje Kjersti Hasselø var maten eit viktig trekkplaster.

- Maten trekkjer veldig. Her var blant anna to japanesarar som stod her i ein halvtime og åt sushi. Dei var veldig interesserte i kvar råstoffet kom ifrå.

I tillegg til å markere fylket ville Hasselø få utflytta sunnmøringar og romsdalingar til å innsjå at det er mogleg å flytte tilbake.