Hopp til innhold

Løken til Molde

Hege Løken (25) er klar for Molde handballklubb. I likskap med Mari Molid, som signerte for Molde i går, kjem Løken frå konkurstrua Larvik. Løken er frå Stranda på Sunnmøre og er venstrehendt høgrekant. – Molde er eit spennande lag, som eg trur kan vere med å kjempe i toppen framover. Helle (Thomsen) verkar å vere ein veldig god trenar med auge for utvikling, og engasjementet rundt handball i byen verkar å vere veksande og positivt, seier Løken i ei pressemelding.

Løken
Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix