Bebuar sikta for husbrann

34 personar miste alt under storbrannen på Åndalsnes. Ein lokal mann som budde i huset er varetektsfengsla i to veker.

Brannruinane i Åndalsnes.

MANN SIKTA: Ein person som budde i huset er sikta i saka etter brannen i det kommunale bustadkomplekset i Rauma. Dei som budde der har no fått midlertidige husvære.

Foto: Roar Strøm / NRK

29 flyktningar og fem andre miste heimane sin då det starta å brenne i Åndalsnes sentrum torsdag formiddag.

Ei mor måtte hoppe frå 2. etasje med 2-åringen sin for å berge seg ut frå flammane. To blei sendt på sjukehus med lettare skader.

– Vi skal vere veldig glad for at det gjekk så bra som det gjorde, seier politiinspektør Knut Meek Corneliussen.

Vitne opplevde mannen som truande

Ein person med lokal tilknyting, som budde i huset, er sikta i saka og varetektsfengsla i to veker.

Mannen har nekta for at han oppheldt seg på staden då brannen starta.

I fengslingskjenninga står det at mannen hevdar at han var ute og plukka fleinsopp i skogen, og først fekk vite om brannen då han blei ringt opp av ein tilsett i kommunen.

Men ifølge vitneforklaringar var den sikta på staden kort tid før brannen blei oppdaga. Dei same vitna har også hevda at han opptredde skremmande og truande overfor dei.

PÅTENT: Retten meiner at det ut frå de opplysningar som vitne har gitt at det er sannsynleg at den aktuelle brannen var påsett, ifølge fengslingskjennelsen.

Slår ring rundt dei ramma

Eldsjeler har starta innsamlingsaksjon for å hjelpe familiane med klede, utstyr og leiker. Frisør Heidi Johansen kasta seg rundt og bad lokalbefolkninga om hjelp då ho forstod at folk hadde mist alt dei eigde.

– Eg fekk så vondt av å vite at der bur 15 barn som kjem dagen etterpå og har ingenting. Det var mammahjartet som slo inn, seier Johansen.

Frisørsalongen blei i løpet av kort tid fylt av fint brukte barneklede og leike, som flyktningane fekk hente.

– Dei som var her var kjempetakknemlege og glade. Eg trur dei føler at heile Rauma støttar dei og viser omsorg, seier Johansen. Det er også starta pengeinnsamling.

Heidi Johansen ved frisørsalong Pixis

SAMLA INN KLEDE: Tobarnsmor og frisør Heidi Johansen samla inn klede og leike til barna som var ramma av brannen.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Har fått plass å bu

Bebuarane var fordelte i 12 leilegheiter i bustadkomplekset.

– Vi har funne midlertidig plass å bu for alle. I tillegg blir det jobba med permanente løysingar, seier ordførar Yvonne Wold (SV).

Ho meiner det er viktig at lokalsamfunnet no viser omsorg, sjølv om brannen fekk eit lukkeleg utfall.

– Det er likevel ei trasig tid framover for dei som må bygge opp ting på nytt, seier Wold.

Brann i flyktningbustader på Åndalsnes i Rauma

BARNEFAMILIAR: Det var mange barnefamiliar som budde i bustadkomplekset.

Foto: Ottar Rydjord

Gjer undersøkingar

Politiet har gjort kriminaltekniske- og branntekniske undersøkingar og avhøyr, seier politiinspektør Corneliussen.

Han vil ikkje seie noko om Kripos er involvert i saka.

– Det er framleis ein del undersøkingar som må gjerast taktisk og teknisk, seier han.

Politiet sende tidlegare i dag ut ei pressemelding der dei bad om video eller stillbilete som blei tatt då brannen blei oppdaga.

Politiinspektør Knut Meek Corneliussen

UNDERSØKINGAR: Politiinspektør Knut Meek Corneliussen seier det framleis er ein del undersøkingar som de må gjennomføre på staden.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK