Hopp til innhold

Lokalmat på mobilen

Moderne teknologi blir no tatt i bruk for å fremje interesse for norske mattradisjonar. I Stranda har elevbedrifta «Lokalmat» utvikla ein mobilapp som viser lokale matrettar og oppskrifter frå heile landet. No skal elevbedrifta vidare til landsfinalen for elevbedrifter, men det viktigaste for dei er ikkje å vinne – Vi vil at alle skal kome med sine spesialitetar og samtidig skape ein arena der ein lett kan finne desse oppskriftene, seier Josefine Emilie Sve.

Josefine Emilie Sve
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL