Hopp til innhold

Lokale poetar inspirert av natur og facebook

Dei tre vart kjende med kvarandre via facebook. Dei såg at dei hadde felles interesser i skog og mark, og å legge ut sjølvkomponerte dikt på sosiale media. No har det vorte bok.

Tre poetar i Ulstein gir ut diktbok

Tre poetar gir ut diktsamling. Foto/redigering: Arne Flatin

Morten Feiring, Gerd Vik Flø og Unni Takseth, alle busette i Ulstein kommune, møtest på fjellet Osberget rett ovanfor Osneset i Ulsteinvik. Dei kosar seg med kaffi og gjærbakst, og med seg i sekken denne gongen har dei diktboka "Tre" som nettopp har kome ut.

Boka inneheld fleire av dikta som desse tre har delt på sosiale media. I tillegg er boka krydra med naturbilda signert hobbyfotografane Stig Hole og Roar Hatløy.

Inspirert

Dei likar å kome seg ut i nærområdet. Turane dei kan ta er mange, og på desse turane får dei inspirasjon. Til å skrive dikt.

– Gjerne vert dikta delte allereie undervegs på turen via smarttelefonen, som regel på "fjesboka", seier Morten Feiring.

Han har alltid vore glad i ord og har stor glede av å dele dette med andre.

– Og responsen er stor, seier både Gerd Vik Flø og Unni Takseth. Begge opphavleg frå Vanylven, men busette i Ulsteinvik i mange år.

Frå vener og kjende på facebook har dei vorte oppmoda til å gje ut dikta i bokform, og no har dette skjedd via eit lokalt forlag.

Lokale poetar frå Ulstein

Lokale poetar. Frå venstre Unni Takseth, Morten Feiring og Gerd Vik Flø.

Foto: Arne Flatin / NRK