Hopp til innhold

Løysing for Olympic

Tre lokale investorar går inn i Olympic Ship, for å sikre drifta. 80 personar må likevel rekne med å miste jobben og fleire blir permitterte.

Stig Remøy

Konsernsjef i Olympic, Stig Remøy, er glad for å ha fått på plass ein avtale med lokale investorer.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Det er tøffe tider i offshorebransjen og Olympic Ship i Fosnavåg har i lengre tid jobba med å få på plass ei løysing for å refinansiere gjelda på 6 milliarder kroner. I starten av oktober fekk selskapet utsetting på låneavtalane sine. No går lokale investorar inn i ei løysing saman med hovudeigar Stig Remøy, som restrukurer og refinansierer verksemda. Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Løysinga er akseptert av fleirtalet av obligasjonseigarane, bankane og verftskreditorane.

– Det betyr svært mykje. Det gir arbeidsro i mange år framover og gjer at vi kjem i normalt gjenge igjen og kan fokusere på det vi skal fokusere på, seier Stig Remøy til NRK.

Olympic er refinansiert fram til utgangen av oktober 2021.

Fleire blir sagt opp

Det vert etablert eit nytt selskap, Olympic Subsea, som får tilført 400 millionar kroner i ny eigekapital. Subsea blir det nye morselskapet. Dei tre investorane er familien Huse gjennom investeringsselskapet Seriana AS, Marin Group AS og Omega Maritime AS.

Sjølv om ein har fått på plass ei løysing fram til 2021, vert om lag 80 personar sagt opp. Andre kan bli permitterte.

– Beklageligvis mister ein del av dei tilsette jobben. Det vert ein reduksjon av fire skip, seier Remøy. Dei som mister jobben er både sjøfolk og administrativt tilsette.

Er optimist

Remøy meiner løysinga dei no har gått inn i, legg til rette for vekst i framtida. Han er optimitisk.

– Vi kan jobbe både med fornybar energi, og kabelmarknaden. Og det er jo ikkje slik at olje- og gasstida er forbi sjølv om vi er inne i ein stor bølgedal, seier Remøy.