– Vi kan risikere å måtte stengje om dette held fram, seier Elise Finnøy Kvisvik.
Ho stablar knekkebrød i den vesle butikken sin i Kvisvik. Ein butikk ho ikkje er sikker på om ho kan drive særleg mykje lenger.
Som mange små butikkar i heile Bygde-Noreg er det vanskeleg å halde hjula i gang.
– Prisane på matvarer har auka. I tillegg er det mange her i bygda som jobbar andre stadar enn i Kvisvik og som kanskje heller handlar på vegen, seier kjøpskvinna.
Trass i at nordmenn handlar mykje i jula, er det ei tung tid for lokalbutikken. – No knip det, seier Finnøy Kvisvik.
Foto: Roar Strøm / NRKDifor la ho ut eit innlegg på butikken si Facebookside der ho bad bygdefolket handle lokalt.
– No er vi inne i ei tøff tid av året. Omsetninga vår har gått dramatisk ned, so vi må på ein måte minne folk om at vi er her og at dei må bruke oss, seier Finnøy Kvisvik.
Og etter å ha bedt om hjelp, svarte bygdefolket.
Facebookposten Finnøy Kvisvik la ut gjorde til at nokre nye fjes kom inn dørene på nærbutikken, seier kjøpskvinna sjølv.
Foto: Matkroken Kvisvik / FacebookMeir enn ein butikk
For butikken i Kvisvik er meir enn berre ein stad å kjøpe mjølk, brød og egg.
I den vesle kafeen inne i butikken sit Åse Fevåg og drikk kaffi. Til vanleg plar dei vere fire-fem som treffast nesten dagleg.
– Nei, vi handlar og so sit vi no og jabbar, seier ho og ler.
Fevåg meiner det er viktig med ein butikk som er nær der ho bur, og at det hadde vore leit om den ikkje fanst.
– Nei det vert trist. Kjedeleg og tungvint.
Alvhild Strømmen er heilt einig.
– Veldig trasig og trist for oss. Vi er ei lita bygd, og vi treng butikken. Det er no her vi treffast. Vi har ikkje so mange andre møtestadar, seier ho.
– I tillegg brukar vi jo kafeen til å feire halloween, noko ungane gler seg til. Og vi har pub- og quizkveldar. So det er det vi har i Kvisvik, seier kjøpskvinna sjølv.
Den vesle kafeen er ein av tilleggstenestene nærbutikken i Kvisvik driv med for å overleve. I tillegg køyrer kjøpskvinna ut varer til kundar kvar veke, har post i butikk og sel lokale gardsprodukt.
Foto: Roar Strøm / NRK
«No slit vi»
Og Kvisvik er ikkje åleine om å vere uroa for butikken sin.
– Vi merkar ei ganske kraftig auke i attendemeldingar, samanlikna med fjoråret, om at «no slit vi», seier Steinar Fredheim.
Han er fagansvarleg for Merkur-programmet som hjelper små, lokale butikkar i distrikta.
Han fortel at inntektene til desse butikkane vaks kraftig i 2020 og 2021, og at nokre då kan ha lagt seg på eit høgare forbruk enn dagens omsetning tillèt.
I tillegg har prisane stige, både for butikkane og for oss som handlar i dei.
– Og so er jo desse små butikkane veldig sårbare. Når der skjer endringar i kostnadane, so har dei lite å hente på, seier Fredheim
– Kring 60 prosent av nærbutikkane i landet er medlem hjå dykk. Kor mange av desse er det som slit no?
– Det er litt vanskeleg å sei. Det vi har jobba mest med dei siste månadane er naturleg nok dei som er utsett for høge straumkostnadar. Der har vi grunn til å sei at kring halvparten av butikkane som ligg i dei prissonene slit no.
– Om du ikkje brukar butikken din i dag, so er den stengt i morgon, seier Fredheim.
Lys i tunellen
Etter å ha høyrd at lokalbutikken var i trøbbel, ville Sanitetskvinnene ta grep.
Leiaren for foreininga i bygda, Solbjørg Varpe Nålsund, bestemte at dei 40.000 dei skulle bruke på å handle inn til trengjande i kommunen skulle brukast i nærbutikken.
– Vi skal støtte Elise og vi skal vere lojale mot dei som er her. Nærmiljøet er det aller viktigaste, og det er ein leveregel for oss, seier Nålsund.
Trass i at 40.000 ikkje er nok til å redde heile drifta, vart Finnøy Kvisvik glad for nyheita.
– Då vart eg glad. Det var nesten so eg slapp ei tåre. Heilt fantastisk er det. Ei stor glede. Det var so mykje trengd nett no, seier ho.
Ved årsskiftet skal kjøpskvinna ta ei ny vurdering om det er verd å halde fram med drifta, men ho håpar å få behalde både nærbutikken og jobben.
Alfhild Strømmen og Solbjørg Varpe Nålsund står på lageret i nærbutikken og pakkar varer.
Foto: Roar Strøm / NRK