Hopp til innhold

Skjebnekamp: – Uttrykket er heilt på sin plass

Kristiansund kan langt på veg sikre seg ein ny sesong i Eliteserien. Aalesund kan langt på veg sikre nedrykk og ta enda ein negativ rekord.

Kristiansund BK mot Aalesund FK

KAMPEN OM MØRE: Det står om heider og ære, men mest av alt om poeng og ny kontrakt i Eliteserien. Kampstart 18:00.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

AaFK kan tape sin femte Eliteseriekamp på rad. Det er eventuelt første gong i historia. Sunnmøringane har allereie sett klubbrekord med 11 kampar utan siger i Eliteserien.

Dersom du nokon gong skal bruke uttrykket sjebnekamp, så er det no

Rune Hustad, NRK-journalist og fotballkomentator

– Aalesund må vinne denne kampen for å halde plassen i Eliteserien, seier kommentator Rune Hustad.

Rune Hustad og Arne Flatin

KOMMENTATOR: Rune Hustad kommenterer kampen som startar 18:00 på NRK Radio.

Foto: Svein Smørdal / NRK

Han peiker på at sunnmøringane har eit tøft kampprogram i sesongavslutninga.

KBK har ikkje imponert på bortebane. Dei har tapt 8 av 12 bortekampar denne sesongen, men oppgjeret mellom laga i Kristiansund i sommar enda uavgjort.

Hustad trur likevel at gevinsten ved siger er svært god motivasjon for nordmøringane.

– Reiser Kristiansund heim med tre poeng i dag, har dei så godt som berga plassen, seier Hustad.

– Det kan også bli «første målet vinn», seier Hustad med eit lurt smil. Kristiansund har nemleg aldri tapt ein Eliteseriekamp dersom dei har scora først.

Stemning på stadion

Det er venta eit storinnrykk frå KBK-fansen. Supporterklubben Uglan har sett sitt preg på fleire bortekampar denne sesongen. Blant anna då dei fylte borteseksjonen på Lerkendal.

Supporterane var på plass fleire timar før avspark, for å lade opp til kampen i Ålesund sentrum.

DIREKTE 16:15: Reporter Frode Berg er på plass i Ålesund sentrum for å gi ein siste stemningsrapport frå supporterane før kampen.

Det er også venta mange besøkande til dagens kamp i Ålesund. Klubben opplyste at dei har selt billettar til 7000 plassar før kampen.