Jørund Standal er oppvaksen med bratte fjellsider på alle kantar.
Rundt Hjørundfjorden strekkjer Sunnmørsalpane seg rett opp frå havet. Snøskred er eit fast innslag gjennom vinteren. Området vert omtala som eit Mekka for skituristar.
– Det er heilt enormt med folk som går på ski her. Ein merkar at det er færre når det er meldt skredfare, men det er alltid ein del som går likevel. Det verkar som om enkelte er meir opptatt av om yr.no melder sol, enn om varsom.no melder fare for skred, seier Standal.
Han seier at mange i bygda snakkar om kor mykje folk dei ser ute på ski, sjølv på dagar med varsla skredfare.
– Vi som er vakse opp her får det inn med morsmjølka. Vi har respekt for fjellet, og held oss unna når det er fonnfare, seier Standal.
Søndag blei ei 17 år gamal jente alvorleg skada då ho blei teken av ras på Sylvkallen like ovanfor bygda. I 2017 omkom ein Tsjekkisk skigåar i same område.
SYLVKALLEN: Skraveringa viser omtrentleg området der ei jente blei tatt av skred søndag. Store-Standal ligg i dalen nede til venstre. Dette er eit arkivbilde tatt frå Kolåstinden.
Foto: Volda og Ørsta Røde Kors skredgruppe
– Startar sesongen tidlegare
Tormod Eldholm er leiar i skredgruppa til Volda og Ørsta Røde Kors. Ofte er skredgruppa blant dei fyrste på staden om det har skjedd ei ulukke.
Også han ser mykje meir folk som legg ut på tur.
SKRED: Tormod Eldholm er leiar i skredgruppa til Volda og Ørsta Røde Kors. Dei har spesialkompetanse på å finne og grave fram folk frå snøskred.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK– Mange startar sesongen tidlegare. Før var skitur meir ein påskeaktivitet. Då er snøen er ofte meir stabil. Midtvinters kan det vere veldig bra skiføre, men også meir vind og ustabile forhold, seier Eldholm.
Ruta til fleire av dei mest populære toppane i området går gjennom skredterreng. I enkelte tilfelle har skredgruppa måtte vente med å leite etter folk.
– Det kan vere om folk har gått inn i område der vi vurderer risikoen til å vere svært høg. Vi skal ha heim alle våre òg. Vi har måtte sagt stopp før, og kjem heilt sikkert til å gjere det igjen i nokre tilfelle, seier Eldholm.
UTSTYR: Eldholm viser fram utstyr som ein alltid bør ha med på skitur i fjellet.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKStor skredfare
I store delar av landet er det no vinterferie, og stor fare for skred.
– Det er forhold der ein må vere veldig forsiktig, og ikkje gå i skredterreng, seier skredvarslar i NVE, Solveig Kosberg.
VARSOM: Skredvarslinga til Varsom.no for onsdag 23.02. Det er varsla stor skredfare for områda Sunnmøre, Indre Fjordane, Voss og Hardanger. I tillegg er det varsla betydeleg fare i områda Romsdal, Trollheimen, Jotunheimen, Indre Sogn, Heiane og Finnmarkskysten.
Illustrasjon: VARSOM.NO
Langt fleire aksjonar
Fyrsteamanuensis Albert Lunde ved Universitet i Stavanger har forska på statistikk om snøskred tilbake til 1996.
Forskinga viser at det var nesten dobbelt så mange redningsaksjonar i regi av Hovudredningssentralen i perioden 2008–2017, samanlikna med førre tiårsperiode.
– Det vil svinge frå år til år etter snømengd og andre faktorar, men over ti år er det ein markant auke, seier Lunde.
SKREDFORSKAR: Albert Lunde har forska på statistikk frå redningsaksjonar i Noreg tilbake til 1996.
Foto: Even Lusæter– Berre spørsmål om tid før det skjer igjen
I 1971 var faren til Jørund, Norvald Standal, ein av to overlevande i Molaupsulukka, der sju personar miste livet. Norvald blei berga etter over 16 timar under snøen, og var plaga av ulukka heile livet.
Jørund Standal håpar folk lærer av historia og ulukkene som har vore, og at dei framover får sjå færre turfolk når skredfaren er stor.
– Her er det ikkje snakk om at det kan gå liv. Det har gått liv før, og det er berre spørsmål om tid før det skjer igjen, seier han.
UROA: Jørund Standal kjem frå den vesle bygde Store-Standal på Sunnmøre. Bygda har skredfarlege fjell på alle kantar.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK